Om sommaren er det mange storfe og mange menneske på tur i skog og fjell.  denne sommaren er ikkje noko unntak.  Difor har firluftsinteressene og bøndene sine organisasjonar gått saman om å lage kuvettreglar.  Korleis skal ein opptre i møte med storfe for å unngå konflikter og farlege situasjonar

Dette er kuvettreglane

  • 1. HALD AVSTAND og gå utanom.
  • 2. Ikkje gå mellom dyra.  Storfe kan bli pågåande og skape farlege situasjonar.
  • 3. Ikkje gå bort til kalven, kua kan gå til angrep for å beskytte den.
  • 4. Hald hunden i band, men slepp den dersom kyrne kjem imot deg.
  • 5. Kjem kuflokken mot deg.  Trekk deg roleg attende
  • 6. Viss du opnar ei grind - LAT HO ATT ETTER DEG.   

Det er framleis slik i Sogn og Fjodane at det er størst sannsyn for å møte på kviger av rasen NRF i utmarka (som biletet), men tal ammekyr med kalv er aukande.

Vi har fått fleire beitande ammekyr med kalv i utmarka vår.  Å møte ku med kalv er noko anna enn å møte kalvar og kviger frå tradisjonell mjølkeproduksjon.  I vårt fylke er det framleis slik at kalvar og kviger frå tradisjonell mjølkeproduksjon utgjer dei fleste dyra.  Om ein møter ammeku med kalv må ein ta særskild omsyn og ikkje kome mellom kua og kalven, slik at morsinstinktet til kua vert for sterkt.  Då kan ho gå til angrep for å beskytte eigen kalv.

Kuvettreglane skal først og fremst vere til hjelp for turgåarar som ikkje er vant til å omgåast storfe, men det kan også vere greit for andre å kjenne til at dei er utarbeidd.

Du kan tinge laminert plakat i nettbutikken til Bondelaget  eller du kan laste den ned her