Luke 24

LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

Har du lyst til å vinne ein trøtraktor? På sjølvaste julafta møter med Anders Felde, som syner fram traktoren du kan vinne. Trøtraktoren er sponsa av Felleskjøpet Agri, og vinnaren må hente den på Sogn og Fjordane Bondelag sitt kontor i Førde.

For å bli med i trekninga av trøtraktoren må du klikke deg inn på Facebooksida til Sogn og Fjordane Bondelag, og skrive namnet ditt under videoen der. Trekninga skjer onsdag 2.januar klokka 09.30. 

 

Luke 23

LEIAR I NORGES BONDELAG: I kveld fortel Lars Petter Bartnes om gardsdrifta, og korleis han har tenkt å feire jul. 

 

Luke 22

STORTINGSBENKEN I SOGN OG FJORDANE: I kveld får me julehelsingar frå dei fire stortingsrepresentantane i fylket vårt. 

 

Luke 21

LIKAR SEG I AURLAND: I kveld møter me Sif Thieme frå Danmark. Ho er elev ved Sogn Jord-og Hagebruksskule, og der har ho funne seg godt til rette. 

 

Luke 20

LEIAR I LUSTER BONDELAG: I kveld møter me Andreas Wollnick Wiese, og han fortel litt om både gardsdrifta og juletradisjonar. 

 

Luke 19

VERDSMEISTER: I kveld møter me Jørn Hafslund frå Fana i Bergen. I år vann han Oste-VM på heimebane, og i kveld fortel han litt om produksjonen sin.  

 

Luke 18

LEIAR I OPPSTRYN BONDELAG: I kveld deler Mathilde Dolen Nesje sine juletradisjonar med oss. 

 

Luke 17

LEIAR I HORDALAND BONDELAG: Kjetil Mehl fortel om gardsdrifta si, og at han i år skal bryte med alle kjente juletradisjoar. 

 

Luke 16

ASSISTERANDE GENERALSEKRETÆR I NORGES BONDELAG: I kveld har me møtt Sigrid Hjørnegård som deler sine juletradisjonar med oss. 

 

Luke 15

BONDE PÅ VOSS: Lars Bø fortel om både gardsdrifta og juletradisjonar i kveld. Bø er også styremedlem i Hordaland Bondelag.

 

Luke 14

STOLT BÆRPRODUSENT: I dag møter me Omar Vangsnes i Sognabær AS. Hovudproduksjonen deira er bringebær, men dei satsar litt på jordbær også. I kveld får me vite litt om korleis det er å vera bærbonde om vinteren, og kva godt ein kan lage av bringebær.

 

Luke 13

LUSSEKATTAR: I kveld bakar me lussekattar med Eikås 4H i Jølster. Ingrid Norddal er ei av dei som var med å bake, og me tok ein prat om baksten. 

 

Luke 12

BONDE PÅ VIKSDALEN: Erlend Brede Fossen (leiar i Viksdalen Bondelag) fortel i kveld korleis det er å vera bonde med jul, i tillegg deler han sitt finaste juleminne med oss. 

 

Luke 11

JULEGÅVETIPS: I kveld deler Nils Magne Gjengedal, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, sitt beste julgåvetips. 

 

Luke 10

UNDREDAL STØLSYSTERI: Tre familiar står bak nyskapinga Undredal Stølsysteri BA, og me tok ein prat med Anna Karine Marstein. Undredal Stølsysteri har til sammen 230 geiter, og det blir produseret både brunost og kvitost.

 

Luke 9

FRUKTBONDE: Knut Byrkjenes Hauso er nestleiar i Hordaland Bondelag. I kveld fortel han om både gardsrifta og kva han brukar å gjere i desmeber. 

 

Luke 8

STOLT BONDE: Jan Arve Midtbø er leiar i Norddalsfjord Bondelag, og driv med sau og kyr. Sjå han fortelje om både gardsdrifta og juletradisjonar her. 

 

Luke 7

JULETIPS: I kveld får de sjå glimt frå då Sogn og Fjordane Bondelag besøkte stallgata på Mo. Jul i Stallgata er eit koseleg førjulsarrangement ved jordbruksskulen i Førde, der ein mellom anna kan køyre/ri på hest, kjøpe ulike produkt og delta på ulike aktivitetar. Vil du også reise på jul i Stallgata? Dei har ope frå 16.00 - 19.00 denne helga også (8. og 9. desember).

 

Luke 6

JULEHELSING: I kveld får me ei julehelsing frå fylkesordførar Jenny Følling. 

 

Luke 5

LIKAR SEG I AURLAND: I kveld møter me Jannik Mennen. Han er elev ved Sogn Jord-og Hagebruksskule, og der har han funne seg godt til rette.  

 

Luke 4

FAMILIEBEDRIFTA KANDAL KJØT DA: Paul Nygård fortel at bedrifta held til i Kandalen i Gloppen kommune, og at dei har drive med geitehald i mange generasjonar.

 

Luke 3

GLAD BONDE: Anne Holter Vae. Ho er styremedlem i Hordaland Bondelag, og i kveld fortel ho litt om garden sin og deler juletradisjonar med oss. 

 

Luke 2

MEIERISJEF TINE MEIERIET VIK: Øydis Kristine Flateby. I kveld fortel ho korleis dei lagar gamalost, og kor bra gamalost eigentleg er. Er du skeptisk til gamalost? Her får du også tips til korleis du kan lære deg å like det. 

 

Luke 1

STOLT SAUEBONDE: Renate Rendedal. Ho er leiar i Balestrand Bondelag, og deler sine juletradisjonar med oss.