Peder Nernæs2020 har vore eit spesielt år for heile verda. Heilt sidan mars har samfunnet vore i ulike fasar av ein lang unntaktstilstand med karantenereglar, kohortar, reiserestriksjonar og nedsteningar. Dette har vore svært utfordrande for store deler av den norske økonomien, og mange bedrifter slit. I det norske landbruket har stengte grenser ført til auka etterspurnad etter varene våre, og mange har lagt seg i selen for å produsere litt ekstra av den gode norske maten. Styrken i den norske landbruksmodellen med god kommunikasjon og ein kultur for samarbeid har verkeleg vist seg i år.

Medan arbeidet på garden har gått mykje i det vante i år har bondelaget, som dei fleste organisasjonar, vorte pressa over i ein heilt ny måte å drive organisasjon på. Dei faste møteplassane har for det meste forsvunne, og vi har vorte pressa over i digitale møterom. Då nedstenginga kom i mars, vart det meste som kunne utsetjast utsatt eller avlyst. Etter ei stund fant vi jo ein slags arbeidsform, men det er ikkje tvil om at saknet etter dei fysiske møta med dei gode diskusjonane er stor i heile organisasjonen. 

Oppi det heile hadde vi tidfesta opprettinga av Vestland Bondelag i fylkesårsmøta våre. Då skipingsmøtet skulle planleggast, såg det eigentleg lyst ut med letting av restriksjonar. Fylkesstyra i Hordaland og Sogn & Fjordane Bondelag var einige i at vi kunne gjennomføre eit skipingsmøte med brask og bram i tråd med årsmøtevedtaka. Så kom bølge nummer to og tvinga oss til retrett. Vi var allikevel samstemte på at det var rett å gå vidare med skipinga. Det var nok ikkje den høydaren vi hadde håpa på der vi sat ei handfull menneske på eit møterom på Voss, med resten av delegatane på Zoom. Men no er vi etablerte og klar for innsats.

Sjølv om arbeidet både i sentralleddet og fylkeslaga nok har vore prega av pandemien, er det lita tvil om at det er lokallagsarbeidet som har fått den største knekken. Dessverre har det ikkje vorte mange møteplassar for medlemene i løpet av året. Digitale verktøy kan løyse noko, men ein digital bondekafè vert liksom ikkje det same. Eg vil gå så langt som å sei at det er tilnærma krise for bondelaget at kvardagsbondelaget er det som verkeleg har fått seg ein knekk i år. Vi må saman gjere ein innsats til neste år for å sikre at den gode aktiviteten løftar seg igjen.

Vi har mykje å gjere og vi treng ein sterk organisasjon i Bondelaget. Det er stortingsval i 2021, og både landbruk og den vidare distriktspolitikken kjem til verte viktige tema. Lenge før valet er det andre tema som skal landast og andre kampar å kjempa. Rett over nyttår kan stortinget velja å legge føringar for korleis daglegvaremarknaden skal fungere. Vel dei å legge begrensingar på daglegvarekjedane si moglegheit til å kunne breie seg ut i heile verdikjeda, eller skal dei få fortsetje som før? I løpet av våren kjem etter alle solemerker regjeringa si klimamelding. Då får vi sjå om det løner seg for ei næring å ta ansvar for klimaarbeidet sitt, eller om regjeringa vel å gå inn for ein poltikk som ofrer distriktsjordbruket for å oppnå klimakutt som kunne vore oppnådd utan. Det er mange tunge saker, og eg er overtydd over at vi vil sjå spor etter arbeidet vårt i norsk politikk også i tida framover.

Men no er endeleg jula her, og jula er tradisjonar. Og dei står sterkt på mange gardsbruk. Sjølv minnest eg juletida i barndomen som ei einaste lang førebuing. Min favoritt julesang er Hans Rotmo sin Vårres Jul og det trur eg er fordi den så godt skildrer akkurat denne følelsen ein har som born om at noko stort er i emning. Her på garden var det griseslakting i førjulstida og eit av mine tydelegaste juleminner er det store kokte grisehovudet på kjøkenbenken når ‘bestå’ laga sylteflesk. Nokon tradisjonar går ut medan andre er med oss vidare. Her vert nok ikkje slakta gris i Nernes lenger, men bestå lærde meg å laga lutafisk. I Nernes har vi nemleg ikkje ‘vanleg’ middag på julafta. Då er det koldtbord med mykje godt pålegg til godt brød, mjølkekaker, potetkaker, mjølkesuppe og lutafisk. Og fersk juletorsk for dei inngifte. Og i år har vi, heilt i tråd med Rotmo sin sang, brygga juleøl òg. 

For dei av oss som har ansvar for dyr, er det ikkje lett å få heilt fri. Sjølv om dyra sjølvsagt skal ha sitt stell, er det viktig å no setje av tid til å roa litt ned og vere saman med famile og vener (innanfor gjeldande tilråingar sjølvsagt). Eg trur vi er mange som treng eit lite pusterom i kvardagen, og høgtida vi no går inn i bør nyttast til å lade batteria før vi går på med ny giv over nyttår. 

Med ønske om ei riktig god juletid frå Nernes,

Peder Nernæs