Grauten vart servert på Stemneplassen og mange hadde teke turen til denne sosiale samkoma no før jul.

Skrivar i styret Tor Ove Haugland hadde som vanleg jobben som grautkokar og resultatet var svært bra. Ingen julegraut utan mandel og den fann Pernille som dermed stakk av med marsipangrisen i år.

Dyrlegane våre, Pernille og Zsolt var og inviterte. Pernille som kjem frå Danmark har vore hjå oss i Kvinnherad nesten 1. år og skal ha sin siste arbeidsdag på fredag 13.12.13.

Med seg på turen til hennar nye arbeidsplass i England fekk ho gode ord frå leiar Olav og ei gåve frå laget.Ho vart i tilegg utnevn til BONDEVENN og lova på tru og æra og bruka t-skjorta flittig i den nye jobben sin.

Grautkvelden er ein viktig del av aktivitetane til Uskedalen Bondelag. Det er svært viktig at bøndene og medlemmane har ein sosial møtestad der dei kan treffast.

På nyåret planelgg laget fleire aktivitetar. Studieleiaren er allerede i gong med å planleggja studieringen der ein skal gje eit innspel til jordbruksforhandlingane.

Det skal og vera fleire medlemsmøte med aktuelle tema før våronna startar!

Tekst og foto: Olav Hjetland Bringedal og Tor Ove Haugland

Det er viktig at bøndene har ein sosial møtestad
Det er viktig at bøndene har ein sosial møtestad

Dyrlege Pernille vart utnemnt til Bondevenn
Dyrlege Pernille vart utnemnt til Bondevenn

Julegraut i Uskedalen Bondelag
Julegraut i Uskedalen Bondelag