Landbruks- og matdepartementet deler ut den nasjonale jordvernprisen for å skape merksemd om jordvern. Prisen skal fremje gode idear og tiltak som kan gjere det lettare å ta vare på dyrka mark. Hovudmålet er sjølvsagt å hindre nedbygging av matjord, men å nytte overskotsmassar frå utbygging som ein ressurs for landbruket er også eit jordverntiltak.

Norsk Landbruksrådgiving Vest og kommunane fekk prisen for prosjektet "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda". I Nordhordland er det mykje utbygging som gir overskot av jord- og steinmassar. Prosjektet har bidratt til at massane vert nytta som ressurs for matproduksjon og samfunn utan store konfliktar med innbyggjarar og miljøet.

- 95 % av massane kjem frå udyrka areal som politikarane har vedtatt at det skal byggast på, seier jordbrukssjef i Alver kommune, Laila Bjørge. - Prosjektet vert ikkje eit alibi for nedbygging av landbruksjord. I vårt område er det mykje myrjord som synker saman, og det er naudsynt å fylle på med massar for å oppretthalde jordsmonnet på jordbruksareala. Jordvern er viktig, seier ho og avsluttar med eit sitat frå Bart of Cincinatti; Menneskeslekta har berre eit tynt lag jord mellom seg og hungersnauda.

I prosjektperioden har det mellom anna vore laga rettleiar til bruk innan offentleg forvalting og arrangert kurs og seminar for bønder, entreprenørar og rådgjevarar. Det er også laga film- og informasjonsmateriell.

Her kan du sjå to filmar med gode døme og erfaringar kring jordmassehandtering i Nordhordland. Fleire bønder i området har fått gode landbruksområde med nye massar gjennom god planlegging. I film nummer to ser du eit døme på kva som kan gå galt dersom ein ikkje planlegg godt nok.