Jordbruksforhandlingane 2023 - Inviterer medlemer til TEAMS MØTE
- Vi håpar gjennom desse 4 Teams møta å skape eit stort engasjement som resulterer i mange innspel i førekant av årets jordbruksforhandlingar, seier leiar i Vestland Bondelag Anders Felde
Styret i Vestland Bondelag inviterer til fagmøte med fokus på dei ulike produksjonane i landbruket. Både eksterne og eigne tillitsvalde og tilsette står på den rikhaldige lista over innleiarar. Møta vert skipa til på følgjande tider:
- Måndag 30. januar klokka 11:00: Mjølkeproduksjon på ku/Geit og storfekjøt
- Måndag 30. januar klokka 20:00: Sau/lam
- Tysdag 31. januar klokka 20:00: Grøntproduksjonen
- Onsdag 1. februar klokka 12:30: Kraftforkrevjande produksjonar
Det vil vere mogleg å melde seg på fram til søndag 29.01.
Lenkje til møta vert sendt ut til dei som er påmelde slik:
- Måndag 30.01. om morgonen for begge møta som skal vere måndag
- Tysdag 31.01. om morgonen for møtet som skal vere tysdag
- Onsdag 01.02. om morgonen for møtet som skal vere onsdag
Alle møta er på TEAMS og du kan melde deg via denne lenkja
Måndag 30. januar 2023 klokka 11:00: MJØLK KU/GEIT og STORFEKJØT
11.00: Velkomen ved møteleiar Marianne Nordhus (nestleiar i Vestland Bondelag)
11.05: Utfordringar og mogelegheiter for mjølkeproduksjonen i jordbruksoppgjeret 2023
v/ Anders Huus (seniorrådgjevar Norges Bondelag)
11.30: Korleis skape framtidstru i mjølkeproduksjonen (geit og kyr)?
v/ Rolf Daniel Midtun (Rådet i Tine) og Andreas Wiese (styremedlem Vestland Bondelag)
11:50 Spørsmål – diskusjon med utgangspunkt i innlegga og spørsmål som er sendt inn på førehand
12.05: Kort Pause
12:10 Utfordringar og mogelegheiter for storfekjøtproduksjonen i jordbruksoppgjeret 2023
v/ Anders Huus (seniorrådgjevar Norges Bondelag)
12:25 Korleis løfte framtidsutsiktene innan storfekjøt og ammeku i jordbruksoppgjeret 2023
v/ Jan Erik Fløtre (nestleiar Nortura)
12:40 Gode prioriteringar for auka storfekjøtproduksjon i Vestland
v/Anita Sæther (leiar TYR Sogn og Fjordane)
12.50: Utfordringar som må løysast i jordbruksoppgjeret 2023 for å sikre optimisme for
Vestlandsbonden v/ Anders Felde (Vestland Bondelag)
13:00: Spørsmål – diskusjon med utgangspunkt i innlegga og spørsmål som er sendt inn på førehand