LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

– Kostnadsveksten til bøndene må kompenserast, seier leiar i Vestland Bondelag Anders Felde.

Onsdag 8.september leverte jordbruket sitt krav til tilleggsforhandlingane. Der krev dei kompensasjon for bonden sine auka kostnadar til handelsgjødsel på 527 mill. kr og auka kostnadar til byggevarer på 227.mill.kr.

- Kostnadane er berekna av Budsjettnemnda for jordbruket, forklarar Felde.

 

Et for mykje av inntektsmoglegheitene

-Dei auka kostnadane et for mykje av inntektsmoglegheitene Stortinget vedtok i jordbruksoppgjeret, fortel fylkesleiaren.

Jordbruket har bedt om, og fått aksept for tilleggsforhandlingar grunna endra forutsetningar for jordbruksoppgjeret.

- Denne sjansen følger av Hovudavtalen mellom staten og jordbruket, utdjupar Felde.

 

Håpar regjeringa forstår

- Eg forventar at regjeringa ser behovet for full kompensasjon av kostnadsveksten. Mange bønder har følt på for svak lønsemd over lenger tid. Den store kostnadsveksten, spesielt dei siste månadane gjer at fleire «tel på knappane» om å vere med vidare. Det er avgjerande for å sikre norsk matproduksjon at regjeringa stiller opp og kompenserer kostnadsveksten fult ut.

Ifylgje Felde er det eit samla jordbruk som står bak kravet.

- Jordbruket ber om at heile kompensasjonen vert finansiert med ei budsjettbevilgning. På den måten blir det betalt ut så raskt som mogeleg.

Pr i dag er ikkje auka kostnader på straum teke med i forhandlingane, det er mogelegheiter for at dette kan kompenserast seinare.

- Dersom høge prisar blir langvarig så vil det vere naturleg å få forhanldingar i gang som kompenserer dette før neste års jordbruksoppgjer, avsluttar Felde.

 

5 ting du bør vite om tilleggsforhandlingane.