Jord er viktigare enn nokon gong
Førre veke inviterte Uskedalen Bondelag og Uskedalen Utvikling til møte om jordvern. Svein Guldal frå Norges Bondelag hadde føredrag om jordvern knytt opp til utfordringane klimaendringa gjev i framtida.
Det var godt med folk i salen under møtet, der Guldal konkluderte med at jord er viktigare enn nokon gong. -Dette er eit viktig tema, og vi i lokallaget ynskjer å ta meir tak i slike saker i tida som kjem, sa Olav Hjetland Bringedal, leiar i Uskedalen Bondelag. Leiar i Uskedalen Utvikling, Kristian Bringedal, slo fast at møtet var eit ledd i arbeidet med arealstrategien for sentrum.
Fast journalist i Uskedalen, Ola Matti Mathisen, dekka arrangementet. Les meir på uskedalen.no.