Stortinget har fastsett eit bestandsmål på 39 ynglingar.  Om vi tek gjennomsnittet av dei siste tre åra er yngletalet 61.  Dette vert stadfesta på Miljødirektoratet sine sider.  

- Dette er ikkje haldbart seier Hovland.  I Vestland merkar vi den altfor store bestanden gjennom DNA- analysene som syner eit stort tal jervetisper i Indre Sogn, Skjåk og Lom.  Jerven ser ikkje fylkesgrensene og brukar begge sider av grensa.  Når jerven er i Innlandet er den i rovviltprioritert område.  Når den er i Sogn er den i beiteprioritert område.       

- Skal me kunne halde fram med utmarksbeiting i den flotte fjellheimen i Indre Sogn må det rett og slett skytast jerv no i vår slik at bestanden vert redusert, seier ein svært tydeleg styremedlem i Vestland Bondelag.  Miljødirektoratet må gje sin utøvande etat SNO i oppdrag å gjere naudsynte uttak.  Det krevst snø for at det skal kunne skje.  Snø og gode sporingstilhøve er ferskvare.   - Me har ikkje tid til å vente til årets hiregistreringar er gjennomført.  - Me har meir enn gode nok tal som syner den store bestanden i gjennomsnittstala for dei tre siste åra.  

Her kan du følgje hiregistreringa i 2021