I sitt innlegg i generaldebatten i årsmøtet til Norges Bondelag tok Styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland opp den alvorlege situasjonen som beitebrukarar opplever i ein situasjon med altfor mykje jerv i Norge. 

Styremedlem Ole Bjarne Hovland på talarstolen på Voss.  Årsmøtet i Norges Bondelag vert gjennomført som digitalt møte der dei ulike fylkesdelegasjonane sit samla i sine fylke.

Her kan du lese innlegget til Ole Bjarne Hovland: 

Rovviltforvaltningen i Norge er tufta på byrdefordeling mellom småfenæringa og rovviltinteresser gjennom fleire rovviltforlik.   Byrdefordelinga har utvikla seg svært skeivt.   I beiteprioritert område skal beitedyra ha prioritet, men for bøndene som driv med beitedyr her er belastninga etter fleire år med tap til rovdyr no so stor at fleire ynskjer å leggja ned drifta også i dei beiteprioriterte områda.

Slik skal de ikkje vere !!  Kvifor er det slik !!

Jau fordi tal ynglande rovdyr, og då spesielt for jerv er kome alt for høgt. Gjennomsnittet i perioden 2018-2020 er 61 årlege ynglingar. Stortinget sitt vedtekne mål er 39.

1 jerveyngling betyr 6 individ,  om me brukar tala til forvaltningen har me  no over 100 jerv meir enn bestands målet!!!  Potensielt går 100 jerv som i henhold til ynglemålet ikkje skulle vore der som drapsmaskiner når beitebrukarane skal sende beitedyra på beite.

I diskusjonar med verneinteressene høyrer ein ofte at ynglemålet vert nytta kun som eit minimumsmål for kor mykje rovdyr me skal ha.  Dette er svært provoserande for oss som tapar beitedyr. Ynglemåla er sett for at byrdefordelinga skal vere å leve med for begge partar.

Det er ein grunn for at me har beiteprioritet i Indre Sogn. Beita her er av svært høg kvalitet, innunder breane høgt til fjells beitar dyra på frodige proteinrike beiter som held høg kvalitet heile sommaren grunna stadig tilsig av vatn når snøen smeltar.  Leiaren i beitelaget i Fortun er ung sauebonde som ynskjer å satse i småfenæringa når forholda ligg så godt til rette for sauedrift.   Til no har han og naboen mist 20 lam, før sesongen er i gang!   Denne sesongen ser bekmørk ut, og kan vere siste året med beitedyr i Fortunsdalen om ikkje forvaltninga gjer jobben dei er satt til å gjere nemleg å gi beitedyra prioritet i beiteprioritert område.   Det står i rovviltforlik at rovdyr med skadepotensiale skal takast ut i område der beitedyra har prioritet, forvaltninga seier at tapa i Luster ikkje er høge nok!    Dei 3 siste beitesesongane er over 200 småfe erstatta i Luster, ingen småfebonde ynskjer å satse og utvikle drifta slik situasjonen er no, diskusjon går heller på sinne og frustrasjon på at forvaltninga ikkje føl opp de vedtekne mål i forlika.

Kommande vinter må alle midlar takast i bruk for å få politikarane til å følga opp måla dei sjølv har vedtatt.  JERVEBESTANDEN MÅ NED PÅ BESTANDSMÅLET.  Tapstala grunna jerv må ned i heile landet.   Då veit vi at Bondelaget må prioritere dette høgt i sitt politiske arbeid.   Dette hastar, når den siste bonden gir seg i eit beiteområde er dette området tapt for all tid.   Det har forvaltninga av ulv og bjørn synt oss i fullt mon. 

I replikkordvekslinga etter Hovland sitt innlegg fekk han sterk støtte både frå innlandet og frå Erling Aas-Eng i styret til Norges Bondelag.  Hovland tek dette som eit signal på at forvaltning av jerv vert løfta opp som ei prioritert sak for organisasjonen det komande arbeidsåret.