Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
Fredag la energiminister Terje Aasland og kommunal- og distriktsminister Erling Sande fram ny stortingsmelding om flaum og skred.
-Det er flott at regjeringa vil setje større fokus på førebygging. Orda i meldinga må fylgjast opp i Statsbudsjettet med ei historisk satsing på førebygging av skred og flaum.
Det fortel Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag.
-Tryggleiken til folk der dei bur er heilt avgjerande.
I den nye stortingsmeldinga vert det sett sterkt fokus på akkurat dette.
-Planar for sikring av vegar, infrastruktur, busetnad og matjord ligg klare. Både her i Vestland, og elles i landet. Det som manglar er kroner til å setje tiltaka i verk.
Agjeld har høge forventningar til at regjeringa fylgjer opp meldinga.
-Absolutt. Eg forventar at regjeringa fylgjer opp med kroner og øre til investering i sikringstiltak.
-NVE sine støtteordningar til sikringstiltak er primært retta mot sikring av eksisterande busetnad, og NVE prioriterer støtte til sikring basert på samfunnsøkonomisk lønnsemd.
Gitt dei store sikringsbehova som finst for eksisterande busetnad, vil ikkje reparasjon av øydelagde flaumsikringsanlegg ved dyrka mark nå opp i NVE sine prioriteringar.
- Det betyr at det i dag ikkje blir gitt statleg støtte til gjenoppbygging av flaumsikringsanlegg ved dyrka mark. Verken gjennom støtteordningane til NVE eller over den statlege naturskadeerstatningsordninga.
Regjeringa vil vurdere korleis staten kan bidra til å dekke kostnader ved å rette opp flaumskadar på etablerte flaumsikringsanlegg ved dyrka mark.
-Dette er ein uhaldbar situasjon som det ikkje er nok å berre vurdere. Det krev handling, og vi har dårleg tid. Klimaendringane fører allereie til kortare tid mellom alvorlege naturskadar som ras og flaum, seier Agjeld.
Fylkesleiaren er positiv til at det vert peika på kommunane si viktige rolle, og at det vert lagt vekt på kor viktig det er å styrke kommunane og få til eit betre samarbeid på tvers mellom dei ulike sektorane.
-Det kunne også vore tydeleggjort i meldinga kor viktig samhandlinga mellom kommunar og lokalt næringsliv vil vere i arbeidet med førebygging, seier Agjeld.
Avslutningsvis vil ho understreke det positive i at Regjeringa vil vurdere kraftutbygging som eit flaumdempande tiltak der andre flaumdempande tiltak ikkje er tilstrekkeleg.
- Vi må ha fleire tankar i hovudet samtidig. Det er nok av døme på korleis kraftutbygging kan virke flaumdempande, sørge for auka forsyning av fornybar energi og samstundes ta vare på unik natur.