Invitasjon til regionmøte
Regionmøta er ein viktig arena der lokallaga og fylkesstyret kan informere kvarandre. I år vert møta digitale med ein geografisk blanding av lokallag.
Regionmøta i 2021 må gjennomførast digitalt på ZOOM, den same plattformen som på skipingsmøtet. Alle tillitsvalde i lokallaga som er registrert med e-post har fått invitasjon til å delta. Påmeldinga skjer via Questback.
Etter påmelding vert det sendt ut lenke til møtet. For dei som treng litt trening på å koble seg på digitalt møte, er det sett opp eit treningsmøte måndag 25. januar. Det kjem meir informasjon om det på e-post.
Dei fleste dagane er det sett opp både dagmøte og kveldsmøte, så det er mogeleg å velje det som passar best. Generalsekretær i Norges Bondelag, Sigrid Hjørnegård, vil delta i delar av dagmøta.
Både fylkesstyret og administrasjonen vil delta på møta, minimum to tillitsvalde i kvart møte. Lokallaga er delt i fem grupper med like mange lokallag i kvar gruppe. Tillitsvalde er oppfordra til å melde seg på den dagen lokallaget har fått «tildelt», men det er høve til å melde seg på ein annan dag. Dersom det vert få deltakarar på eit møte, kan det bli aktuelt at deltakarane vert overflytta til anna møte etter avtale.