Interessert i Gardsvarmeanlegg?
Onsdag 30. mars inviterer Vestland Bondelag, i samarbeid med Fjaler Skogeigarlag og CH4 Engineering AS til fagdag på tema gardsvarmeanlegg i Dale i Fjaler kommune
Oppmøte på Fabel Kafe og Motell, Dalstunet 6a, 6963 Dale klokka 10:00
LOKALT SKOGSVIRKE SOM OPPVARMINGSKJELDE PÅ GARDEN.
Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? I samarbeide med Fjaler Skogeigarlag og Vestland Bondelag inviterer CH4 til fagdag for gardbrukarar og andre interesserte. Innføring i gardsvarmeanlegg, råstoff, økonomi og Innovasjon Norge sine støtteordningar. Innlegg om lokal bruk av massevirke samt omvising på flisfyringsanlegget til Øyfrid og Torbjørn Strand. Informasjon om moglegheit for individuell oppfølging og rådgiving på gardsnivå i etterkant av fagdagen.
Her finn du heil programmet for fagdagen
Velkomen