Fylkeslaget meiner at det må fremjast eit krav med ei ramme i årets jordbruksoppgjer som sikrar matprodusenten ei mogleg inntektsutvikling som ligg over inntektsutviklinga elles i samfunnet.  Gapet til andre næringar er stort, og regjeringa har sagt at dei ynskjer å legge til rette for ei betre inntektsutvikling i landbruket.   Det vil vere uråd å auke matproduksjonen utan ei positiv inntektsutvikling for matprodusentar i heile landet.

For Sogn og Fjordane vil det vere viktig:

  • Å oppretthalde eit tollvern som grunnlag for auka uttak av pris i marknaden
  • Å kunne auke prisen i marknaden for alle dei produkt der det er mogleg
  • Å sikre at ulike driftsvilkår og distrikt vert teke omsyn til, og at løyvingane til distriktstilskot og frakttilskot vert auka.
  • Å oppretthalde strukturen i husdyrtilskota og sikre driftstillegget.
  • Å betre investeringsverkemidlane

- Jordbruksforhandlingane 2014 vert den første store prøvesteinen for kva utviklingsmoglegheiter  regjeringa og hennar støtteparti vil gje norsk landbruk, seier fylkesleiar Per Hilleren.  Vi registrerer at matprodusentane i fylket er usikre på kva rammevilkår regjeringa vil gje dei.    Mange seier også at pila har peika oppover dei siste åra, og at utviklinga har gått rett veg når det gjeld inntening.   Det er ei frykt at regjeringa sine utsegn om forenkling og redusering av tal verkemidlar skal svekke inntektsmoglegheitene.  Med utgangspunkt i det inntektsnivået som landbruket har vil ei kvar endring som svekkar inntektsgrunnlaget vere dramatisk for dei det råkar.  Skal det skje endringar må det vere heilt avgjerande at det ligg føre utgreiingar om konsekvensar og avbøtande tiltak før endringar vert sett ut i livet, poenterer ein tydeleg fylkesleiar.  Onsdag og torsdag er representantskapen i Norges Bondelag samla for å drøfte innhaldet i årets krav til Staten ved jordbruksforhandlingane.