Norsvin inviterer til kveldsmøte på Mo klokka 19:00 tysdag den 22. oktober med følgjande tema:   

  • Kunne du tenkt deg å drive med svineproduksjon, men veit litt for lite om denne produksjonen?
  • Eller er du i vurderingsfasen på kva produksjon du skal du skal satse på  på garden din?
  • Eller er du berre interessert i grisen😊

Då er du hjarteleg velkommen til Norsvin sitt inspirasjonsmøte for å høyre meir om dette, og få god info om kva svineproduksjon går ut på.

Program: 

  • Produksjonsformer i svineproduksjon og økonomien i desse.Johannes Nedrebø 
  • Kostnader  og finansieringsordningar. 
  • Korleis er det å vere grisebonde ved Olin Bruheim Løvlid
  • Erfaring med ombygging av kufjøs til slaktegrishus. Lars Erik Tefre

 Det vert sjølvsagt servering  Om du har spørsmål kring svineproduksjonen så ta gjere kontakt med Siv Solheim som er spesialrådgjevar på gris i Nortura.  Ho treff du på: 971 39 675 // Sentralbord: 955 18 000

VELKOMEN

Inspirasjonskveld svin