Webinaret vil ta opp tema råvara, tradisjonsostar, sensoriske eigenskapar, marknaden, regelverk, økonomi og korleis er det å vere gründar og bli kåra til verdsmeistar i ost?

I dag er det lite foredling av kumjølk i Vestland. Det er underdekning i marknaden for handtverksost i Norge - det er plass til både fleire ystarar, fleire typar ost eller enkle foredlingar lokalt av syrna produkt som surmjølk og yoghurt. Den gode kvaliteten på den norske mjølka er noko av årsaka til gode resultat i tevlingar.

Har du overskot på mjølk, kan løysinga vere å legge opp til foredling av 10, 30 eller 50 000 liter mjølk, med relativt små og enkle investeringar på garden?

Velkommen til deg som lurer på å foredle mjølka di sjølv eller samarbeide med nokon som vil starte ysteri. Gjennom dagen ønskjer vi å inspirere og gi deg innblikk i kva arbeid som ligg bak ein ost.

Deltakaravgift: 150 kr,-.

Påmelding innan 24. mai 2021denne lenkja