Årsmøtet vart gjennomført digitalt i dag med kring 90 utsendingar frå heile Vestland til stades.  Nedanfor kan du lese heile tala som  ein engasjert og tydeleg fylkesleiar Anders felde heldt til årsmøtet.

Vestland Bondelag har vore på vengjene i 4 månader, og vi er «flygedyktige».   Vi jobben mot politikarar, vi har møte med det offentlege og vi løftar problemstillingar som er viktige for Vestlands bonden.  Som organisasjon skal vi framleis utvikle oss. Framleis er det litt «armar og bein», men vi blir stadig betre. Både i administrasjonen og i styret er dette ein pågåande prosess.  At vi nesten ikkje kan møtes fysisk, gjer kanskje at vi brukar litt lengre tid på å bli ein organisasjon. Eg synest det er pinleg når det ringer lokallagsleiarar, og eg kjenner dei ikkje. Konsekvensane av pandemien med at vi ikkje kan møtes får ta litt av skulda, men her lovar eg å skjerpe meg.

Fylkesleiar Anders Felde

Inntekt er det viktigaste
Inntekt er alltid den viktigaste saka til Norges Bondelag når det nærmar seg jordbruksoppgjer. Sjølvsagt er taket på mjølkekvotane viktig, sjølvsagt er det viktig om det skal vere tak på tilskot eller ikkje. Men viktigast er det likevel at det er inntektsutvikling, uansett om garden er liten eller stor. Samtidig må det vere slik at dei som driv ein større produksjon må hente meir enn pengane i marknaden, og dei mindre bruka må prioriterast når budsjettpengane skal fordelast. Skal vi vere attraktive og sikre rekruttering, kva er viktigast; Inntekt.  Skal vi sikre eit landbruk over heile landet, kva er viktigast; inntekt. 


Investeringspakken
Kva då med denne investeringspakken vi jobbar so hardt med å få til ? Dette handlar også om inntekt, og den er målretta mot dei som skal vere med vidare.  Det må vere rett å prioritere framtidsbonden ! Ingenting kan vel vere meir målretta enn det ? Vi har masa om den lenge, men i år set vi hardt mot hardt og vi må ansvarleggjere politikarane for det var dei som innførte lausdriftskravet, og ikkje har stilt opp med pengane som gjer det mogeleg for mindre gardsbruk å innfri dette kravet.  Den skal gjennom og den må vere på minst 250 millionar kroner, og verkemiddela må bli betre. I ein ny rapport frå NIBIO bereknar dei investeringane til ca. 18-23 milliardar kroner for å komme mål innan 2034.  Dette er ein fantastisk mogelegheit for lokalt næringsliv over heile landet, i tillegg til kyra og bonden so er det faktisk dei som sit att med ein stor gevinst av inveseringane som skal til. Det er håplaust å jobbe for både utsetting av lausdriftskravet og for investeringspakken samtidig.  La oss skape ei framtid også for mjølkebruka under 30 kyr, då er det inntekt og investeringspakke som gjeld.  Eg følgjer ikkje Småbrukarlaget sin argumentasjon kring fjerning av lausdriftskravet, men slik vilkåra og potten til IBU midlane so er det totalt urealistisk å nå i mål innan 2034. 
IBU potten i Norge er på ca. 660 millionar kroner, pr februar i 2021 er det allereie søkt om over 800 millionar, søknadar på veg for 1,2 milliardar kroner. D et er eit uttrykk for ei landbruksnæring som vil utvikle seg, men det er også eit uttrykk for ei næring der krav til blant anna betre dyrevelferd og manglande lønsemd i drifta har ført til store etterslep på vedlikehald og investeringar. 

Må kjenne oss att i grunnlagstala
Denne vinteren har det vore diskusjon kring grunnlagstala som budsjettnemnda kjem med til jordbruksforhandlingane og det har vore ein diskusjon kring resultatmålet i jordbruksforhandlingane med krav om deling av resultatmålet slik at vi snakkar om vederlag for arbeid og vederlag for kapital. Vi fekk innspel frå bønder i Jæren og Lesja, med oppfordring om å lage sak til vårt eit årsmøte. Hovudkravet var at dette må bli eit tema i årets jordbruksoppgjer. 
Noregs Bondelag har allereie spelt inn til Budsjettnemnda forslag om å synleggjere kostnad til leige av jord og leige av mjølkekvote på ein anna måte enn det blir gjort i dag.  Vestland Bondelag har bestemt at vi tek med oss innspelet og vil sende inn ei forslag til årsmøte i Norges Bondelag basert på hovudpoenga i denne saka. Skal vi gjere endringar i resultatmålet frå jordbruksforhandlingane so må dette innom Storting og kanskje ei ny jordbruksmelding.  Då er det avgjerande at vi avdekke alle konsekvensar av ei slik endring, og då vil det også vere naturleg at diskusjonen om ei slik endring blir teken i årsmøtet i Norges Bondelag, og ikkje i året jordbruksoppgjer. Der skal tema vera auka lønsemd.

Sjølvforsyning
Vi har i lenger tid snakka om auka sjølvforsyning, og pandemien har bidrege til enno større fokus på dette området. Vi skal ha sjølvforsyning opp mot 50 prosent korrigert for fôrimport, dette blir ein betydeleg jobb. Dette er avgjerande for at Norge skal ta sitt globale ansvar. Vi blir fleire folk i verda, klimaendringar gir spesielt større utfordringar i den sørlege delen av verda som nesten kan sjåast på som eit globalt spisskammers. Kva er so det aller viktigaste grepet vi i Norge kan gjere for å lever på auka sjølvforsyning ? Sikre framtida for familiejordbruket. Vi seier ja til både store og små bruk, men vi må ha ein politikk som tek utgangspunkt i at familiejordbruket skal vere ryggrada i norsk landbruk. FN si generalforsamling vedtok i 2017 at 2019-2028 skal vere familielandbrukets tiår.  Dei ser ut til å skjønt det.  I EU er enkelte alvorleg bekymra for det motsette; ein EU parlamentarikar frå Irland sa følgjande; «I am very concerned  this will be the last generation of familiy farming in the EU.  Folkens det er på tide å gløyme industrilandbruk modellen, gløym gjeldsgaloppen i Dansk landbruk der familiar ikkje har råd å kjøpe gardane lenger, gløym investerorane som vi kjøpe seg norske gardar. Det sikrast tiltaket for å levere ein stabil, høg norsk matproduksjon i eit meir variert klima er ein spreidd matproduksjon basert på familiejordbruket. Det betyr at det må vere liv laga i Troms og Finnmark, det betyr at vi treng kvar bonde i Gubrandsdalen og i Agder, og ikkje minst krev det at bøndene i Vestland må sjå at det er dei som er framtidsbøndene !

Vi treng meir politikk
Skal marknaden få styre meir i norsk landbruk, eller treng vi meir politikk.  Mitt svar er heilt tydeleg, vi treng MEIR POLITIKK. Marknaden jobbar mot dei politiske breie målsettingane i landbruket dersom vi ikkje får meir politikk som styrer marknaden. Vi gjorde ein god jobb med daglegvaremelding og fekk nokre viktige gjennomslag, sjølv om vi ikkje er i mål. Det er tydeleg at politikarane ser at kjedene har fått for stor makt i verdikjeda, men det er framleis uvist om dei er villige til å sette i verk tydelege tiltak. Ein tydlegare politikk på området vil sikre auka fokus på det den Norske forbrukaren ynskjer å kjøpe, norsk mat. Men ein ting er eg overtydd om, lov om god handelsskikk, daglegvaremeldinga – ingen av desse tinga hadde kome utan at Norges Bondelag hadde gjort jobben ! 
Distriktspolitikken er har vore ei sentralt tema i politikken siste åra, men framleis manglar det tydelege grep. Rapportar og utredningar er lagt fram, og no må det kome tiltak. Landbrukspolitikken må sjåast på som ein viktig del av distriktspolitikken, samtidig vil det vere avgjerande med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar. Victor Normann, som skal innleie til debatt seinare i dag på tema «ny giv for bygdeliv» var ein minister som leverte på utflytting av statlege arbeidsplassar, vi treng meir av slikt. Då må vi legge bygdekranglar bak oss, og sikre oss nokre vekstsenter og større arbeidsregionar. Samferdsle er sjølvsagt avgjerande, og då handlar det kanskje om gul midtstripe og prioritering av å utbetre flaskehalsar, framfor ferjefri e-39. Samtidig som vi skal vere krevjande til det offentlege so er det vi som bur på bygda som må skape «det gode liv». Det offentlege kan aldri vedta «bulyst», det må skapast av oss som bur i bygdene. Eg ser fram til stort engasjement blant dokker alle etter innleiinga frå Victor Normann.

RMP – tenk dykk om ein gong til
For nokre veker sidan kom landbruksdirektoratet med ei utredning om ny regional fordeling av RMP midlane. Utgangspunktet er forenkling og at fordelinga skal vere transparent.  Dei har valt ulike kriterie og vekta desse.  Konsekvens; Vestland tapar 20 % eller 12,6 mill.  Det betyr mindre pengar til bratt areal, mindre til beitelag, mindre til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Det truar lønsemda i våre bratte areal og det truar vår evne til å levere på klimasmart landbruk. Saka er no på høyring i organisasjonen og vi meiner utgreiinga er so svak og med so store konsekvensar at vi må avvise saka som del av årets oppgjer og anten gå for historisk fordeling eller sette ned ei partssamansett gruppe. Eg er einig i at framtidige løyvingar truleg bør følgje ei ny fordeling. Skal vi i landbruket greie å levere på eit kutt på 5 millionar tonn CO2 ekvivalentar innan 2030, so er vi tydlege på at det må løyvast pengar til å gjennomføre klimatiltak på gardsnivå. Det betyr truleg ei betydleg heving av potten innan RMP dei komande åra. I det bilde bør truleg ein ny fordelingsnøkkel lagast. Regjeringa sin klimaplan for ikkje kvote pliktig sektor som også omfattar landbruket, slår fast at landbruket sitt klimarbeid skal skje utan auka subsidiar. Klimaplanen legg heller ikkje opp til at landbruket får godkjent dei kutta vi har planlagt å gjere. Det betyr at vi bidreg til kutt av utslepp og meir binding av karbon, men vi får det ikkje godkjent. Då blir det eit unødvendig og svært usikkert kjøttkutt fokus i regjeringa sin plan. Dette er vi i landbruket sterkt ueinige i, og det er viktig at vi følgjer denne saka heilt inn gjennom handsaming i komiteane og Storting slik at vi ikkje diskvalifiserer eigen matproduksjon og legg opp til ein auka import. 
 

Opp med norskandelen
Frukt og bær næringane i fylket er store, og vi produserer over 50% av både all norsk frukt og norske bringebær. Ikkje berre det vi produserer også dei beste bæra og den beste frukta. Som ikkje det var nok er Hardanger spydspissen i ei veksande sidernæring.  Av og til blir dette gløymt både i drøftingane kring kanalisering og i alle diskusjonane kring raudt kjøt. Vi må ha vekstambisjonar også her, frukt og bær passar utruleg godt på våre vestlands gardar. Her må vi gje klar melding til Bama og matvarekjedene, FÅ OPP NORSKANDELEN. Likeins må det offentlege som sjukehus, gamleheimar, og skular syte for å bruke Norske råvarer. Norske forbrukar vil ha norsk frukt og norske bær.  Nokre snakkar om mogeleg overproduksjon av norske eple, det treng vi ikkje frykte dersom kjedar og Bama legg til rette for vekst.  Men vi må også vere leveringsdyktige over lenger tid, lagringsteknologi og nye sortar vil utvide vår mogelegheit til å vere i marknaden med norske varer over lenger tid.  Samtidig vil eg utfordre Vestlandsbonden til å satse meir på grønsaker.  Pr i dag er det vanskeleg å få tak i kvotar på potet, gulrot og grønsaker inn mot kjedene. Der er mogelegheiter når marknaden veks og veksten må også gi plass til nye produsentar. Her har Gartnarhallen er soleklart ansvar for at dette skjer. Samtidig er det mogelegheiter for å starte i det små også på grønsaker. Sel lokalt, bruk Rekoringen, snakk med den lokale butikken og hotellet i bygda. Sakte men sikkert vil ein få eit betre betalande og lojalt kundegrunnlag som bidreg positivt til økonomien på garden. Ja vi er heilt avhengig av samvirka og dei store systema, men der er også mogelegheiter utanfor, desse må vi utnytte til meir variert produksjon og til auka verdiskaping i landbruket.


Mange bønder innan grøntnæringa står i dag i ein vanskeleg situasjon. Får vi arbeidskraft til planting og hausting eller får vi det ikkje ? Vi er avhengig av utanlandsk arbeidskraft spesielt i den arbeidskrevjande grøntnæringa. Inga næring kan bytte ut heile arbeidsstokken same året. Regjeringa må gi næringa mogelegheit til å få inn arbeidskrafta vi treng. So må næringa gjere som i fjor, levere på eit smittevernregime som gjer lokalsamfunna trygge sjølv om der kjem inn mange utanfrå. Vi greidde det i fjor, og vi skal greie det i år. Kjedene er ute i dagens Nationen og er tydlege på at dei vil legge til rette for norske råvarer komande sesong, melding frå oss skal vere like tydeleg vi vil ha ein stor norsk grøntproduksjon også i år. Vi skal supplere med norsk arbeidskraft, men også i år må regjeringa sikre oss stammen med utanlandsk arbeidskraft.


Landbruk og fisk må saman styrke verdiskapinga – ikkje ofre landbruk for fisken
Norge er i desse dagar i sluttforhandlingar med Storbritannia om ei handelsavtale. Rykta går på omfattande tollfrie volum på anten ost eller kjøtt. Her må vi vere krystallklare mot næringsministeren Iselin Nybø, vi har ikkje ein kilo eller liter å gi vekk. Fiske og sjømatnæringa har vore tøffe mot landbruket i denne saka, dei har vore tydlege på å gi innrømmelsar på landbruk for å sikre seg betre mogelegheiter for å skape vekst på fisk.  Det ville vere håplaust av regjeringa å legge til rette for ein lågare norsk matproduksjon der vi skapar arbeidsplassar i dag, mot kanskje å sikre oss nye arbeidsplassar på fisk.

Kven tek kampen for dei som har 75 vinterfôra sauer om vi ikkje gjer det, kven tek kampen for dei med 50 dekar eple om vi ikkje gjer det og kven jobbar for dei med 20 mjølkekyr der vi ikkje gjer det ? 
Jordbruksforhandlingar handlar om framtida, og kor vi vil også på lenger sikt. Tak på tilskot og trappetrinn er noko som kan utfordre samhaldet i næringa. Vi er likevel tydlege på at vi må i år peike på vegen vidare, og kva retning landbruket skal ta. Ynskjer vi ei utvikling der vi blir færre, eller skal vi seie at det er ei tydeleg grense for kor stor du skal bli. Vi kjem ikkje gjennom dette utan å trampe nokre på tærne. Kven tek kampen for dei som har 75 vinterfôra sauer om vi ikkje gjer det, kven tek kampen for dei med 50 dekar eple om vi ikkje gjer det og kven jobbar for dei med 20 mjølkekyr der vi ikkje gjer det ?      Då vil vi måtte vere tydelege på at ja alle skal ha inntektsutvikling, men dei større må hente pengane i marknaden. Gjer vi ikkje dette no so gamblar vi både med norsk sjølvforsyning og norsk landbruk!

Eg ser fram tid eit aktivt årsmøte og takk for at de engasjerer dykk for matproduksjonen og framtida til norske bønder og det å bu i distrikta.
Godt årsmøte !