I si innleiing til fylkesårsmøtet sette Fjelltveit på hovudfokus på dei komande jordbruksforhandlingane og den politiske situasjonen. 

  • Regjeringa må levere på Hurdalserklæringa
  • Mattryggleik og beredskap = viktige tema
  • Uro og kriser
  • Mange grupper meiner dei har krav på mykje i årets lønsoppgjer
  • Erfaring frå jordbruksoppgjeret 2022 viser ei regjeirng som vil
    • Kompensere og dekke kostnadsvekst
    • Redusere inntektstap
    • Bruke budsjettmidlar på jordbruk
    • Lytte til næring

Jobben vår er å gje politikarane lyst til å tette inntektsgapet.  Vi må skape arbeidslyst hos politikarane på landbruket og norsk matproduksjon sine vegne.   Løpande matproduksjon over heile landet er den beste beredskapen.  Beredskapen er ikkje for oss som bønder, men for samfunnet som heilskap.  Vi har eit ansvar for å produsere så mykje mat som vi kan.   - Jordbruksoppgjeret 2.0 må handle om å utvikle politikken vidare, avslutta Fjelltveit. 

2. nestleiar i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit på talarstolen i årsmøtet til Vestland Bondelag