Tema i det første webinaret var frukt, bær, grønsaker og potet.   Påtroppande næringspolitisk sjef i Norges Bondelag Sigrun Pettersborg og leiar i grøntutvalet i Norges Bondelag Thor Johannes Rogneby innleia i møtet.  - Det er flott å ha med personar som sit tett på jordbruksoppgjeret til å innleie seier Lysne som sjølv er medlem i Grøntutvalet i Norges Bondelag. 

I møtet kom det innspel knytt til soneplassering for produksjon av grønsaker og potet,  økonomien i produksjon av bær, distriktstilskot bær sett i høve til distriktstilskot eple, eplevolum og bruk av eple til konsum, flytande, konsentrat, arbeidskraftsituasjonen, produksjon av bær til industri under press, avlingsskadeordninga, prisar, nøtter og nye produksjonar, investering, marknadsadgang, stor verdiskaping på små areal, svært viktig næring for Vestland, stor breidde i produksjonar m.m.

Innleiing Sigrun Pettersborg

 

Nye webinar på tema småfe, storfe og kraftforkrevjande produksjonar komande veke

Her finn du kunnskap om desse webinara

Linken til påmeldinga i questback  er open sjølv om det ligg inne frist 4.01.  Får du ikkje den til å virke kan du sende påmelding med namn, mobilnummer og e-postadresse til:  vestland@bondelaget.no

 

Engasjer deg

Vestland Bondelag håpar at svært mange vil engasjere seg og kome med sine innspel før jordbruksoppgjeret 2022.  Nøl ikkje med å ta kontakt med ditt lokallag for å kome med innspel.

Bakgrunnsmaterell til årets forhandlingar finn du på denne sida  Her finn du lenkje til studieheftet, til ulike spørsmål, videoar, podkast og anna fagleg bakgrunnsmaterialle.  Lukke til.  ENGASJER DEG !