Planen byggjer på mål og prinsipp slått fast i Utviklingsplanen for Vestland 2020-2024, som vi sendte innspel til i fjor. Den nye planen vert konkretisert gjennom fireårige handlingsprogram i tillegg til årsplanar. Handlingsprogrammet skal prioritere satsingar for å nå måla.

Fylkeskommunen med samarbeidspartar har hatt ei rekke digitale høyringsmøte i ulike regionar. Både tillitsvalde og tilsette har deltatt på høyringsmøte, og har samarbeida om å skrive eit innspel frå Vestland Bondelag.

I innspelet legg vi vekt på jordvern, arbeidsplassar i distrikta, innovasjon og teknologisk utvikling i landbruket og landbruk som ein del av løysinga. Vi skriv mellom anna: Landbruk er ei svært viktig næring som skapar økonomiske verdiar gjennom ei heil verdikjede frå jord via lokal industri til bord. Yrkesutøvarane i landbruket er grunneigarar for mykje av areala i Vestland. Desse areala i inn- og utmark gjev grunnlag for verdiskaping i andre næringar. Det vert i planen synt til at Vestland er det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Sett med våre auge sit landbruket på mange av løysingane i omstillinga frå eit oljesmurt næringsliv til eit næringsliv som skal skape sine verdiar gjennom ein sirkulærøkonomi.

Landbruket er ein svært viktig aktør i det grøne skiftet, og det er viktig at landbruket vert invitert aktivt med i prosessane som skal lede fram til nye handlingsprogram. Bondelaget ber difor om å få delta i arbeidsgrupper og møteplassar der tema som er viktig for utviklinga av næringslivet og lokalsamfunna i Vestland vert drøfta.

Her kan du lese meir om planen: Berekraftig verdiskaping  – regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Fotograf: Jostein Skare Thygesen.