Her kan du lese fylkesleiaren sine refleksjonar like oppunder jul:

Vestlandsbonden produserer mat av høg kvalitet. Matproduksjonen skapar kulturlandskapet som i kombinasjon med natur til å miste pusten av, gjev oss ei «instavenleg» ramme å vere stolt av.

Sjølv om halvparten av mjølkebøndene har slutta siste femten åra, har mjølkebøndene greidd å halde den totale produksjonen oppe.  I same perioden er det investert i mange nye fjøs og det er 230 mjølkerobotar i drift i Vestland.     Om vi reknar ein snittpris pr. fjøs på 8 millionar så snakkar vi om investeringar for 1, 8 milliardar berre i omlegginga frå båsfjøs til lausdrift i Vestland dei siste 15 åra.   Mange fleire slike fjøs må det bli dei komande åra.   Mjølkeroboten gir bonden meir fleksibel arbeidstid.   Ny teknologi skapar interesse blant nye generasjonar, men også erfarne mjølkeprodusentar får «ein ny vår» med ny teknologi.   Også innan geitehaldet har vi sett den same utviklinga ved fornying av fjøsa.

På den andre sida kan ei teknologisk utvikling og investering i nye fjøs diskvalifisere mange vestlandsbruk for ei framtid i matproduksjonen.  Dette fordi garden vil ha for lite inntektsgrunnlag til å kunne forsvare investeringane.  Teknologi og robotfisering vil alltid vere sterke drivarar for større bruk med auka produksjon på kvart gardsbruk.   Difor treng ein målretta politikk som kan motverke dei strukturendringane som den nye teknologien pressar fram.

Mjølk og kjøt frå kua skapar store verdiar i Vestland.  I dei fleste tilfelle finst det ikkje alternativ produksjon på desse areala.  Vil ein ha eit ope landskap der ein forvandlar lågverdig protein (gras) til høgverdig protein som vi menneske kan nytte oss av, so er kyrne avgjerande for Vestland.    Dette blir kalla «det grøne skiftet».   Bøndene i Vestland har drive med det sidan tidenes morgon.

Innan frukt- og bærnæringa ser vi mykje innovasjonsevne og entrepenørskap.  Bringebær i tunell og dekking av hagar med morellar er eit vanleg syn i Hardanger, Sogn og Nordfjord.  Alt for å få betre kvalitet.   Tettare planting og «mindre» tre i fruktproduksjonen viser at utviklinga innan planteriket også går framover og gir auka volum pr dekar.   Plommene og morellane frå Vestlandet smakar som eit eventyr, og gir ei avkastning pr dekar som mange husdyrprodusentar berre kan drøyme om.   Siderprodusentane har greidd å utvikle ein gamal lokal siderkultur til noko som kan konkurrere ut den kjende Italienske Prosecco’en.   Fornyinga og innovasjonsevna i frukt-, bærnæringa er noko vi verkeleg kan vere stolt av.  

I Lærdal finn vi det største produsentmiljøet innan potet, gulrot og andre grønsaker.     Også i dette miljøet er fokuset vendt framover og utover i marknaden med utprøving av nye sortar og testing av ny teknologi.    Kvotar innan potet og grønsaksproduksjonen gjer at produksjonen ikkje har enkel inngang, men mogelegheitene som ligg i Bondens marknad, Reko-ringen og direktesal gir likevel fleire bønder mogelegheit å auke produksjon av grønsaker og potet også i Vestland.

Småfebønder brukar teknologi for å finne ut kor dyra går. Enkelte brukar også dronar til hjelp under sauesankinga.  Likevel er framleis hunden det beste verktøyet under sankinga.  Lite innan matproduksjonen er so framtidsretta som lammet, der det følgjer mor si opp til 1000 meters høgde.  Et gras og andre vekstar som få andre dyr kan gjere seg nytte av.  Før dei ruslar heim og gir oss fantastiske matopplevingar, anten det er kring pinnekjøtet til jul eller lammekebaben som ungdomen serverer på fredagskvelden.

Den store matproduksjonen i Vestland formar eit landskap som gjer at mange kring om i verda vil kome og besøke oss.  Sist sommar kom nordmenn i hopetal, og når alt vert bra og koronatida er forbi kjem heile verda attende til oss.     6000 dyktige matprodusentar legg ned mange arbeidstimar i eit variert landskap.  Resultatet vert verdiskaping, mykje mat og  grunnsteinen for turistnæringa.   Vi skal ikkje ta kulturlandskapet for gitt.   Det må vere i aktiv drift med grasetande dyr og aktiv planteproduksjon.  Den beste støtta ein kan gi Vestlandsbonden er å kjøpe produkta vi produserer. Det er ikkje kylling og Prosecco som skapar Vestland.   Det er det sau, geit, kyr, eple og bringebær som gjer.

Vestlandsbonden er framtidsbonden, men berre dersom du tenkjer gjennom og gjer dine rette val i butikken.  God jul

 Helsing Vestland Bondelag

Anders Felde