- Eg er glad for at storfe, sau, lam og ost er skjerma i den nye frihandelsavtala med Storbritannia, men det er gjeve betydelege kvotar og tollettelsar for egg,svin, kylling og frukt- og grønsaker.  Varige innrømmelsar som kan svekke marknadsbalansen i Norge.   

Dette betyr i praksis tapte marknadsmoglegheiter for norske bønder i den norske marknaden og med tapt verdiskaping i Norge.  Dette skjer gong etter gong når Norge skal ut i slike internasjonale forhandlingar, og det gjev i sum ein uhaldbar situasjon med stadig auka importvolum av matvarer som Norge kunne produsere i eige land.  Det vert importert enorme mengder mat til Norge allereie i dag og avtalen med Storbritannia medverkar til ein auke i dette.  I mitt hovud ville det rette vere at EU avsto frå sine kvotar, og at Storbritannia fekk sin rettmessige del av dei kvotane som EU hadde forhandla fram, i staden for den løysinga som kom på bordet no, seier ein svært tydeleg fylkesleiar. 

Norges Bondelag sine kommentarar til avtalen

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskridepartementet sine kommentarar finn du her