Johan Theodor Landmark var ein slik pioner.  Han vart fødd i 1836 i Fjaler, der far hans var sorenskrivar.  Han vart overlærar ved Landbrukshøgskulen på Ås og stifta i 1883 Norges Birøktarlag.  Den 6. februar 1896 vart  Norges Landmannsforbund stifta med Johan Theodor Landmark som første leiar.  Han sat som leiar i perioden 1896-1901.  Norges Landmandsforbund skifta namn til Norges Bondelag i 1922. 

Tollvern viktig sak då som no

Tilhøva kring stiftinga av Norges Bondelag har fleire likskapstrekk med situasjonen i dag.  Internasjonal politikk påverkar oss i stor grad, no som då.   Svakt tollvern for fleire produkt var ei stor utfordring, og tollbeskyttelse for korn med mål om å sikre norsk kornproduksjon var eit sentralt politisk krav.  Det politiske miljøet var delt, og høgrekreftemne helte mot frihandel.  Mange la om frå kornproduksjon til husdyr, grunna både ein sterkt veksande marknad i byane og stor konkurranse frå billeg kveite som vart importert frå USA, Canada og Svartehavsområdet.  Det gjekk ut over sjølvforsyninga og matvareberdskapen.

I høve 100 årsdagen til Johan Theodor Landmark sin fødsel vart det reist ei statue over han ved Tysse i Fjaler.  Statuen vart i 2002 flytta til Lillingstonheimen.  Foto: Alexander Asphaug Rauboti

Eit Norges bondelag for framtida

Mattryggleik og beredskap har fått ny tyding under koronakrisa.  At verdikjeda for mat er definert som samfunnskritisk verksemd er det heldigvis ingen i tvil om.  Det er lett å finne fleire truande tilhøve for framtida si matforsyning.   Skiftande ver og klimaendringar både her heime og i andre land, internasjonale krisar og politiske endringar kan gje grunn til uro.   I dette perspektivet så må vi ha mat.   Matproduksjon, dyrking av jorda, fotosyntesen og bonden blir aldri umoderne.  Det er framtida vår.

Likevel - den einskilde bonde blir fort liten overfor politiske system, styresmakter, internasjonale avtalaR eller dagligvarekjeder og media.  Felles arbeid for best mogleg rammevilkår gjeld meir enn nokon gong.   Organisert innsats for at bonden skal finne seg til rette på garden og i bygda, og for å sikre inntekt og velferd er framleis like viktig.   Difor er dei sakene Norges Bondelag arbeider for svært viktige inn i framtida.  Likeeins er oppslutninga om arbeidet slik det er formulert i føremålsparagrafen viktig:

Norges Bondelag har til formål å samle alle som er eller kjenner seg knytte til bondeyrket, for å fremje felles saker, tryggje landbruket og arbeide for dei økonomiske, sosiale og kulturelle interessene i bygdene. 

Her kan du lese meir om Johane Teodor Landmark og tilknytinga til Fjaler

Her kan du lese meir om mellom anna den digitale jubileumsfeiringa i morgon 06.02.2021