Her kan du lese heile lesarinnlegg til Gry Ingvild Agjeld:

Vi er mange som pratar og skriv om det grøne skiftet. Er dette no ei slitt frase, til bruk i festtalar, eller er det ein aktuell reform som vi alle må ta stilling til? Eg vågar påstå at folk tenker ulikt. Veldig ulikt. Omgrepet har ingen presis definisjon. Eg har høyrt politikarar, næringsinteresser og aktivistar nytte det som retorisk verkemiddel. Gjerne som ei grunngjeving for tiltak dei ynskjer å innføre. Viktige tiltak, men likevel eit slags alibi for at noko nytt er betre for framtida. I alle fall langt betre enn det som alt er. 

For meg er det særs provoserande at Høgre sin landbrukspolitiske talsperson, Lene Westgård-Halle på tur i Lofoten, i eit aktivt og ope kulturlandskap prega av beitande sau, frontar reduksjon i det grasbaserte husdyrhaldet og auke i produksjon av grønsaker.  

Ja, vi skal produsere meir grønsaker, men det må ikkje bli slik at det legitimerer ei nedlegging  av det grasbaserte husdyrhaldet. Grasproduksjon er planteproduksjon. Ein viktig planteproduksjon som må styrkast. Det er heilt avgjerande for å klare å auke sjølvforsyninga i Noreg, slik som fleirtalet på Stortinget ynskjer.  

I store deler av landet vårt er graset det einaste livgjevande for å kunne produsere mat.  Beitelandskapet i Lofoten er ikkje eigna for verken kålrot eller potet. Det gjeld også beitelandskapet i Vestland. 

Har vi i Vestland ein reell sjanse til å dyrke meir grønsaker og potet på anna eigna areal? Ja, dersom politikarane tek tak, og styrer marknaden på ein måte som gjev oss sjansen. Frukt, bær og grønsaknæringa i vest ynskjer å produsere meir.  Marknadstilgangen hindrar dette i dag. For å lukkast krevst både betre tollvern og vilje til målretta geografisk styrking. Det betyr at vi treng ein mykje sterkare politisk vilje enn vi ser i dag. Ein vilje til å legge til rette for spreidd produksjon av grønsaker, frukt, bær og potet. 

Fotosyntesen treng ikkje ei grøn omstilling. Den er livgjevande i seg sjølv. I utmarka evnar den å produsere beitegras, utan anna hjelp enn den naturen sjølv gjev. Menneske kan ikkje ete gras, men dyra kan. Dei gjer om graset til proteinrikt og godt kjøt. Dette gjer dei samtidig som dei sikrar eit ope og vakkert kulturlandskap. Det er heilt fantastisk!

Fotosyntesen og det grøne graset er framtida vår. Det er eit evig kretslaup. Dette er ein klimatilpassa matproduksjon, utvikla gjennom tusenvis av år. La oss ikkje setje graset, norsk husdyrproduksjon og aktiv matproduksjon over heile landet i spel. Eit spel som eigentleg er eit skjult politisk grep, kamuflert under fana det grøne skifte. 
Riktig god sommar!
Gry Ingvild Agjeld, fylkesleiar Vestland
 

Grønt gras grunnlag for maproduksjon