- Det er veldig viktig at bøndene søkjer innan fristen 1 november, slik at dei får erstatta det dei har mista til rovdyr. Vidare er det viktig for å få rett registreringar, slik at me veit kor store tapstala er i dette området.

Det seier Per Hilleren, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.  Han vågar ikkje talfeste antal dyr som er drept av rovdyr i år, men trur det er snakk om fleire hundre.

- Dette er ein situasjon me ikkje burde vore i. Me høyrer til region ein, og her skal me ikkje ha desse store rovdyra. Det kjennes meiningslaust at me skal ha så store tapstal.

 

Håpar på betring

-  Eg håpar regjeringa vel å fylgje opp det dei flagga som ei av sine høge fanesaker før valkampen, gjere grep i områda der rovdyr herjar.

Hilleren fortel at region ein har beiteprioritet, noko som er viktig å hugse på.  

-Håpet er at regjeringa kan syne handlekraft og prioritere beitenæringa framføre rovvillt.

 

Har du mista dyr til rovvillt?

Her finn du alt du treng vite om erstatningsordninga.