Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Vestland har revidert Bondeboka og kan no presentere ein ny og oppdatert versjon. 

Treng vi enda ei landbruksside som gjev gode råd til bonden?, vil nokon spørje. Er kunnskapsjungelen ikkje vanskeleg nok å finne fram i frå før? Held det ikkje med Norsk Landbruksrådgjeving, Norsk Landbrukssamvirke, Bondelaget, Tine og Felleskjøpet sine nettsider? 

Korleis bonden kan oppnå betre agronomi på garden sin er godt forklart mange stader. Vi hos Fylkesmannen ser likevel at det er mangel på kunnskap rundt mykje av det forvaltningstekniske. Kva vil det seie å eige og drive ein gard? Korleis kjem du, som ny bonde, i gang med produksjon på garden? Kva alternative, og helst klimasmarte produksjonar, kan du satse på? Alle bønder eig skog, men kven kan eigentleg hjelpe bonden med forvaltinga av denne viktige ressursen? Alle er glad i lokal mat, men korleis vert ein gardsmatprodusent? Held Hoffmann fram

 

Oppdatert informasjon

Fylkesmannen har ikkje alle svara, men held seg oppdatert på kven som kan levere svar og kunnskap rundt desse emna. Mange kan mykje om agronomi, medan forståinga av forvaltninga generelt, å forstå og bruke vanleg ord om det til tider innfløkte forvaltingsspråket, tilskot, juss og det offentlege nettverket er vår sterkaste side.  

Bondeboka er ein slags landbruksforvaltnings-ABC som skal guide brukaren gjennom ordningar, lover og reglar. Nettside-statistikken og tilbakemeldingar gjev oss grunn til å tru at sida er verdfull for mange. Nettsida er mykje brukt over heile landet.  

Fylkesmannen i Vestland set stor pris på tilbakemeldingar, innspel og kritikk, og ønskjer å vedlikehalde og oppdatere denne sida fortløpande.