Han er glad for endeleg å ha fått Høgre sitt landbrukspolitiske nettverk på besøk og ser fram til å drøfte landbrukspolitikk med dei det komande døgnet.   - Vi har i samarbeid med Stortingsrepresentantane laga eit tett  program,  der vi set fokus på viktige landbrukspolitiske spørsmål samstundes som vi besøkjer ulike produsentar med ulike produksjonar, held Felde fram.

Sogn og Fjordane sin Stortingsrepresentant Frida Melvær har med seg følgjande 5 andre Stortingsrepresentantar til fylket: Margunn Ebbesen, leiar for landbruksnettverket og landbrukspolitisk talsperson i Høgre,  Lene Westgård Halle frå Vestfold.  Ho er også rovviltpolitisk talperson i Høgre. Torill Eidsheim frå Hordaland, Bente Stein Mathisen frå Akershus og Ingunn Foss frå Vest-Agder.

Her kan du lese programmet for besøket

Stortingsrepresentant Frida Melvær, Høgre og 5 av hennar kollegaer frå Høgre på Stortinget kjem til Nordfjord og Sunnfjord i kveld og i morgon.