Saman med sambuaren driv Tone med oppforing av kalvar og sau. - Me har 20 sorfe, og 40 vinterfora sau som no snart er ferdig med lamminga.   I tillegg har me 6 bifolk og eit lite gardsmatkjøken der eg blant anna slyngjer honning, produserer litt brunost, leverpostei og syltetøy, held Koløen fram.    Med andre ord eit bruk der mangesysleri er eit godt stikkord. 

Denne våren har me vore mest engasjert i lamming i tillegg til våronna.    På Fitjar byrjar det å bli grønt og fint, kusymren og kvitveisen blømer og dei sauene som lamma fyrst er kommen ut på vårbeite.

Ein god kvardag for Tone er når sola skin og ho får vera ute i beite å sjå på lamma som spring og kosar seg. 

No er ho spent på kva som kjem i årets krav til jordbruksforhandlingane.  Ho  håpar på eiit godt resultat av forhandlingane når det nærmar seg 17. mai, men ho og medlemene i Fitjar Bondelag er klare til markeringar om ikkje det skulle bli avtale.  

Kosar seg inne, men snart blir det utetid på grøne beite for denne trivlege gjengen.