Prosjektet er eit samarbeid med Vestland Bondelag, og her kan du lese ei løypemelding frå Danielsen på oppdraget "Frå risiko til ressurs":

Danielsen Ungdomsskule Osterøy har fått eit spennande oppdrag frå Vestland Bondelag. Temaet er "Frå risiko til ressurs" og handlar om korleis ein kan nytta hjorten på Osterøy til ein ressurs. Hjorten er ein risiko både for trafikk og for gardbrukarane i kommunen. Mellom anna så beiter hjorten ned mykje godt vinterfôr og forringar kvaliteten på det graset som står att. Elevane skal i gang med kartlegging av problemet, og samstundes arbeida med å sjå på hjorten som ein ressurs innan t.d. kortreist mat og matkultur. Dette arbeidet har me nett starta på.

Så langt har me landa på at me vil vera direkte involvert i beskattinga av hjortestamma på Osterøy, og laga tradisjonsrik mat av det som me er med på å ta ut. I samarbeid med Osterøy kommune har skulen fått løyve på å fella fleire hjort på kommunen sin grunn. Den første av desse vart felt for ei veke sidan. Då var alle elevane i 9.klasse med på å slakta denne hjorten, ein liten time etter den vart felt. Som vanleg var det både elevar som synes det var litt ekkelt, og elevar som opplevde det som den flottaste skuledagen dei hadde hatt. Men dei gjorde ein kjempeinnsats og jobba tolmodig heile dagen. Dei lærte både om dei ulike magane til hjorten, korleis hjorten lever og kva som kan nyttast av dyret. Nokon fekk òg blåsa opp lungene på nytt, til stor begeistring frå dei andre elevane. 

Denne veka er det nedskjering og salting på timeplanen. Me skal laga hjortepølse i haust av kjøtet me har fått. Desse skal me røyka i røykehuset som elevane var ferdig med å bygga i vår. For å laga hjortepølse trengte me ein del sauekjøt òg. Difor slakta me nokre sauer same dagen, og sender skinna til preparering. Pinnesidene skal me servera til pensjonistane på julabordet dei skal ha før jul. Blodet lagar me sjølvsagt blodpudding og pannekaker av.

Klassen vil arbeida vidare med oppdraget, og legga fram eit endeleg produkt på vårparten. Kven veit, kanskje ein kan oppleva både smaksprøvar og ny kunnskap om temaet når me endeleg kjem i mål?

Takk for samarbeidet so langt!

Tekst og bilete: Danielsen ungdomsskule Osterøy ved rektor Jostein Fossmark