Her er utdrag frå helsinga:

Det er ei stor glede for meg å sende ei videohelsing til stiftelsesmøtet dykkar. Vi er inne i ei veldig spesiell tid. Landbruket i Norge har vist sin styrke og heldt hjula i gong i ei tid kor store deler av næringslivet ellers har hatt store problem på grunn av korona.

Det er ei spesiell tid å halde eit møte på, når alle må sitte bak kvar sin skjerm. Men det er bra at de held aktiviteten i gong og samlast til gode drøftingar og viktige vedtak likevel. Som eg sa i mi helsing til Bondetinget; ei godt organisert landbruksnæring er eit ubetinga gode for landet vårt.

Eg har skjønt at det er to livskraftige og aktive nokon-og-70-åringar som no går saman til Vestland Bondelag. Eg veit godt at landbruket i Vestland er mangfaldig. Eg har hatt gleda av å besøke begge fylkeslaga. Eg har sett at de har mykje frukt og bær, og ein auka produsjon av frukt, bær og grønsaker har vore ei av mine hovudprioriteringar som landbruks- og matminister.

De har òg mange beitedyr. Det er eg og glad for, for det seier noko om at vi nytter ressursane våre på best mogeleg måte. Vi har prioritert å auke tilskotet til beite i utmark og har hatt ein tydeleg kanaliseringspolitikk dei siste åra. Eg ønskjer eit landbruk med ein variert bruksstruktur der også små og mellomstore bruk speler ei viktig rolle. Dersom vi skal produsere mest mogeleg mat, må vi bruke alle dei teigane vi har. Uansett kva for produksjon de har, kvar og ein av dykk gjer ein viktig jobb for oss som samfunn. Det vil eg takke dykk for.

Så håper eg verkeleg eg kan besøke dykk på nyåret, og ønskjer dykk masse lykke til med dette viktige stiftelsesmøtet.

Landbruksministeren på besøk i Sogn og Fjordane På besøk i Hordaland

Møte med kystgeita

Hos Bybonden i Bergen