Heidra for 13 år med Landbruksspelet!
Granvin skule har alltid sett verdien av å bruke landbruket i undervisingssamanheng. - Ei høgst fortent utmerking til ein steikjande god Bondevenn, seier Inga W. Rørlien i Granvin Bondelag, etter markeringa på skulen. Foto: Avisa Hordaland
Lokallaget overrekte nyleg diplom, T-skjorter og blomar til rektor Rigmor Hanssen og inspektør Magne Røynstrand for stor velvilje og godt samarbeid. - Skulen er alltid positiv og tek godt mot oss, fortel styremedlem Nils L. Haugen til Avisa Hordaland.
I tillegg vart leiinga i Granvin herad og Tore Holven, som driv mekanisk verkstad i heradet, utropt til Bondevenner. Lokallaget er glad for den korte avstanden til politikarar og administrasjon. Og Tore Holven viser stor velvilje ovafor bøndene. Han er svært lett å be når det gjeld repreasjonar og anna hjelp med jordbruksmaskiner, står det i Hordaland sin reportasje, 13. april.