Verdas vakraste matproduksjon! Det er det mange av oss tenkjer om landbruket i Vestland fylke. Det kan godt vere at vi ikkje er heilt uhilda når vi kjem med slike uttalar, men sjå no kva for nokre flotte rammer vi har å produsere maten vår i! Då er det jo ganske sjølvforklarande at vi har konkludert slik. :) Og for ein innsats Vestlandsbonden gjer for å oppretthalde det vakre og særeigne landskapet vi har i Vestland! 

For at vi framleis skal kunne snakke om verdas vakraste matproduksjon ynskjer vi å sende ei lita påminning om å rydde. Hausten er komen over heile fylket vårt, og mange brukar no tid på å rydde vekk og setje inn utstyret for vinteren. Samstundes vil vi minne om å ta ein runde på å rydde plast og anna boss som ikkje høyrer heime i naturen. Fleire lokallag har gjort ein flott innsats i år på å rydde plast og anna, stor applaus til dei! Kanskje det kan vere ein god aktivitet å sysselsetje seg med no i haustferien? :) 

Sosialt samvær og rydding i Omvikdalen Bondelag i vår.