Har vurdert å slå seg saman med andre lag i kommunen

- Vi har drøfta og vurdert å slå oss saman med dei andre laga i Stryn kommune, men har konkludert med at vi ikkje ynskjer det i denne runde, seier Silje Skarstein som held fram som leiar i Olden Bondelag
Olden Bondelag skipa til årsmøtet sitt på Aabrekk Gard i Oldedalen. Der stod sesongens først julemiddag med tilhøyrande riskrem på menyen. Lokallaget har eit stabilt medlemstal på kring 60 medlemer i frå bygdene mellom Innvik og Loen. Inntektsutvikling og utviklingsmoglegheiter for næringa er svært viktig for medlemene i Olden, men dei er også opptekne av konkrete saker som kan vere bra i bondekvardagen.
Lokallaget har gjennomført aktivitetar av svært ulikt slag. Dei har stått for innsamling av metallavfall, pynta kyrkja til Hausttakkefest og delteke på møte i regi av kommunen på tema hjorteforvaltning. Landbruksplasten leverer medlemene sjølve til Retura.
Laget veit også å verdsetje personar med lang og tru teneste for landbruket. Då Bjarne Gjerde gjekk av med pensjon etter 48 år som mjølkebilsjåfør vanka det blomar frå lokale bondelag og produsentlaget i kommunen.
Aabrekk Gard i Oldedalen gav ei triveleg ramme kring årsmøtet i Olden Bondelag
Styret i lokallaget
- Leiar Silje Åsnes Skarstein,
- Nestleiar.Sindre Aabrekk
- Kasserar.Gry Ingvid Agjeld
- SekretærJon Olav Kvamme i
- StudieleiarJan Høgalmen
- 1.vara Per Magne Kvamme,
- 2.vara Lillian Mykleøen
Deler av styret i Olden Bondelag: f.v. Silje Å.Skarsten, Sindre Aabrekk og Gry Ingvild Agjeld