STYREMEDLEM I VESTLAND BONDELAG: Guro Stuve.

 

- Eg hugsar eg var liten og sa eg ville bli bonde, då var pappa kjapp med å seie at eg også fekk styre kvardagen min sjølv. Eg er sikker på at eg har blitt hjernevaska frå eg var liten.

Guro Stuve ler, ho har ein smittande latter og ein fantastisk humør. 

- Eg er eigentleg einig med han. Eg likar meg godt heime, og friheita eg har. Det er veldig fleksibelt, slår Stuve fast.

På garden i Hardanger har ho to hestar, og eit par shetlandsponniar. I tillegg leiger ho ut stallplass til to. Garden husar også hund, katt, nokre høner og ti geiter.

- Eg er veldig glad i dyr. I tillegg er eg med i samdrift.  Me har ein mjølkekvote på 470 000 liter.

 

Tidsoptimist

- Eg brenn veldig for mjølkeproduksjonen og Vestlandsbonden. Me må få løfta inntekta til bonden. Det må vere økonomi som ein klarer leve av.

Stuve syns det er spennande å sitte i styret til Vestland Bonelag. Sjølv om det er nytt verv, har ho likevel god erfaring med å vere tillitsvald.

- Eg er leiar i Øystese og Vikøy Bondelag, i tillegg er eg leiar i Hardanger Hestalag. Det er ein hesteklubb, som har medlemmer frå Eidfjord til Øystese.

Stuve har også erfaring frå 4H og senterpartiet.

- Eg har lyst til å kome meg tilbake i 4H-miljøet. Eg saknar det, utdjupar ho.

Du høyres travel ut, korleis rekk du alt?

- Eg er ein tidsoptimist. Eg jobbar også utanfor garden som klauskjærar.

 

KLAUSKJÆRAR: Guro jobbar som klauskjærar, og knipsa dette bilete frå jobben sin. Ho er også medlem i Klauvskjærarlaget.

 

Jordbruksoppgjeret engasjerer

- Med sittande regjering forventar eg eit like bra oppgjer som i fjor, minst.

Stuve er over snittet engasjert i landbrukspolitikk, og fylgjer spent med på jordbruksoppgjeret. No håpar ho på eit oppgjer som kan betre kvardagen i landbruket.

- Me treng eit løft i inntekta til dei som har satsa, og investeringsstøtta til dei som vurderer å satse. Me treng velferdsordningar, og trua på framtida for mjølkeproduksjon. Eg håpar staten kjem oss i møte.

 

Dersom du fekk vere Landbruks- og matminister for ein dag, kva ville du gjort?

- Eg ville framsnakka berekraftig matproduksjon, og løfta inntekta til bonden.