Frå klokka 19 kunne dei som ynskte det få ei omvising i fjøsen i Sandalen.  Der driv Ole Johan og Bente med mjølkeproduksjon i lausdrift med robot.  Buskapen er ein rein Jersey buskap og dei har dette året testa ut driftsmetode med at kalvane får gå i lausdrifta saman med kyrne i 42 dagar.   Brukarparet var opne på både plussidene og dei meir utfordrande sidene ved denne typer drift.  Organisasjonssjef Lars Peter Taule, som representerte fylkeslaget i møtet, tykte dette var svært kjekt både å få sjå og lytte til det som vart sagt.

Nokon av deltakarane i møtet.  Einingsleiar landbruk i Sunnfjord kommune; Joar Helgheim sit midt i biletet i rutete skjorte.

Sjølve årsmøtet var i gamlestova på garden.  Der møtte også einingsleiar for landbruk i Sunnfjord kommune, Joar Helgheim.  Han orienterte om kommunen sitt arbeid med landbruk og peika på saker som er viktige i arbeidet no framover.  Helgheim nemnde nytt måldokument for hjorteforvaltninga, temaplan for landbruk i kommunen og Landbruksforumet i kommunen som han ser på som svært viktig.  I november vert det ein opplæringsdag for politikarar på tema landbrk med innlegg frå mellom andre Gry Ingvild Agjeld i Vestland Bondelag.

Helge Torpe fekk gåvekort som takk for arbeidet i styret

Same dag som møtet vart gjennomført vart det sendt ut informasjon om innsamling av Landbruksplast som lokallaget planlegg og gjennomfører saman med Tenden Transport.   Lokallaget støttar også eit prosjekt i 1.-7. klasse på Vassenden skule der dei får gratis frukost som eit forsøksprosjekt. 

Styret i Jølster Bondelag f.v. Knut Harald Dvergsdal, Jan Ove Flaten, leiar geir Støfring, Karin Elise Erikstad(ny) og Daniel Eikås