Jobben startar no skriv Olav Myhr i eit lesarinnlegg.  - Det er viktig at jakta kan skje på beste vis både for hjorten og for deg som jeger held Myhr fram.    Nøkkelen ligg i å trene før jakta tek til.   Å vere trygg når skotet går er viktig.  Då må det trenast på skytebana i fleire omgangar.    Å skyte nok til å vere trygg i jaktsituasjonen er avgjerande for alle jegerar, men særleg viktig er det å lære opp yngre jegerar til å handsame både våpen og dyr med respekt 

Vi har eit ansvar som grunneigarar/jegerar i å syte for at det vert skote hjort i samsvar med dei planane for avskyting som valda har.  Det ligg også ei opning i dei fleste kommunane i Vestland for å kunne skyte ekstra kalv utanom kvotane.  Det gjev ein moglegheit for den grunneigaren som har store beiteskadar til å gjere ekstra grep.   I 2023 var det fellingsrekord i Vestland med i overkant av 26.000 felte hjort.    

Det er difor ein krevjande jobb å forvalte hjortestamma til eit nivå i Vestland som er akseptabelt i høve dei ulike interessene knytt til hjorten, men det er også ein aktivitet som gjev flotte naturopplevingar.  Å forvalte det naturen gjev gjennom jakt er vår plikt og samstundes gjev naturopplevingane og det sosiale med jakta gode dagar for mange.   Lukke til med treninga på vegen mot ei god og trygg jakt. 

Olav Myhr, styremedlem Vestland Bondelag