Viltwebinaret er eit samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, Norges Jeger og Fiskeforbund i Sogn og Fjordane og Vestland Bondelag.    Seminaret har vore gjennomført årvisst i svært mange år.  Dei to siste åra har det vore digitalt.  - I 2023 håpar vi å vere attende med eit fysisk arrangement seier Merete Støfring som er Vestland Bondelag sin kontaktperson inn i arrangementet. 

Fylkesleiar Anders Felde sa mellom anna i si innleiing at etableringa av storvald gjev oss moglegheiter som grunneigar og jeger ikkje nyttar fullt ut.   Vi har ein hjortestamme som er alt for stor, og vi må gjere grep for å få stammen ned.  - Er vi flinke nok til å nytte det handlingsrommet som bestandsplanarbeidet og storvald gjev oss? spurte Felde.  Langt på veg konkluderte han med at det er vi ikkje og han peika på følgjande moment som både grunneigarar, jegerar og kommunar bør tenkje gjennom. 

  • Det er ikkje MIN hjort, det er VÅR hjortestamme
  • Meir flytting av «dyr» internt i kvart jaktfelt og kvart storvald
  • Er det mogeleg å flytte jeger frå anna jaktfelt til der dyra er ?
  • Kunne vi laga møteplassar der vi «fremmar» eit betre samarbeid på tvers av jaktfelt – storvald og bestandsområde ?
  • Samarbeid vil redusere utfordringane hos dei som har mest skade !

Han var også tydeleg på at det er viktig å sleppe yngre og nye jegerar til.  Rekruttering av jegerar gjennom opplæring i skogen er avgjerande, for det er mykje hjort og ein stor jobb å felle tilstrekkeleg tal hjort.  

Hjorteviltwebinaret går over tre ulike bolkar.  I den første bolken tysdag kveld var tema knytt opp mot jeger og grunneigar og slik såg programmet ut:

Webinar 1 - Tirsdag kveld 15. mars 2022: Jeger og grunneier

19:00 - 19:05 Velkommen til Viltwebinar 2022 ved Alf Erik Rørvik, NJFF

19:05 - 19:40 Laushund på hjortejakt – myter og sanningar – Eivind Lurås, NJFF

19:40 - 20:15 Er grunneigaren løysinga for å nå bestandsmåla? – Anders Felde, Vestland Bondelag

Pause

20:30 - 21:00 Ny våpenforskrift – betydning for jegeren? – Vidar Nilsen, NJFF

21:00 - 21:30 CWD – vegen vidare, konsekvensar for jakta – Kari Bjørneraas, Miljødirektoratet

21:30 - 22:00 Er grunneigaren den rette til å drive hjorteforvaltninga? Torstein Storås, professor emeritus, HINN

22:00 - 22:30 Oppsummering

Etterkvart vil alle innleiingane verte gjort tilgjengelege på  Norsk Hjortesenter sine heimesider

Frå venstre Magnus Frøyen, Norsk Hjortesenter Alf Erik Røyrvik, NJFFSF og Anders Felde.  Det var Ikkje noko å seie på humøret, men det er for mykje hjort på Vestlandet !

Plansjane til Fylkesleiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, si innleiing finn du HER