Utvalet er nemnt opp av styret i Vestland Bondelag og skal vere eit rådgjevande organ i saker som vedkjem grøntnæringa i Vestland.  Utvalet kan på eigen kjøl fremje inn saker og ta tak i saker der styret ser at det må gjerast grep. - Vi ynskjer å vere eit utval som arbeider med viktige saker for grøntprodusentane i Vestland, så nøl ikkje med å ta kontakt med oss seier Kari Sigrun Lysne som er leiar i utvalet

Torsdag kveld den 7. januar hadde utvalet sitt første møte på Teams.  I utvalet sit frå fylkesstyret: Kari Sigrun Lysne frå Lærdal og Knut B. Hauso frå Ullensvang.  Med seg i utvalet har dei Eyvind Reme frå Innvik, Jørn Erik Toppe frå Bergen og Bernt Håkon Slogvik Voll frå Lærdal.  Med denne samansetnaden er alle produksjonar frå veksthus, potet, grønsaker, frukt og bær representert i utvalet.

Fylkesleiar Anders Felde ynskte medlemene velkomen til det første møtet.  Medlemene orienterte litt om eigen produksjon og eigne erfaringar.  Knut B. Hauso orienterte om økonomiske konsekvenar for fruktpakkeria av låge avlingar 2020.  Der vert framleis jobba  med den saka.   Elles var utvalet innom avlinsskadeordninga for eindkildbrukarar, innspel på prioriteringar framover og jordbruksoppgjeret 2021.    Det vil verte eit nytt møte i utvalet mot slutten av januar der jordbruksforhandlingane vil få hovudfokus.  Til dette møtet vil Møre og Romsdal Bondelag sin styremedlem på grønt, Audun Skjervøy, verte invitert med.

Konsentrerte medlemer i Grøntutvalet i Vestland Bondelag. Opp f.v.: Eyvind Reme, Kari Sigrun Lysne, Knut Byrkjenes Hauso, f.v. nede: Jørn Erik Toppe, Bernt Håkon Slogvik Voll og Merete Støfring som er sekretær for utvalet sitt arbeid.