Grøntutvalet i Norges Bondelag kjem til Lærdal og Leikanger
- Det er viktig for oss å syne fram våre område som gode område for å kunne auke produksjonen av frukt-, bær og grønsaker, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag og medlem i Grøntutvalet Kari Sigrun Lysne
Medlemer i utvalet kjem med bil til Lærdal i ettermiddag og vert i Sogn til fredag ved lunsjtider. Frå fylkeslaget deltek også fylkesleiar Anders Felde.
På programmet for torsdagen står besøk på gulrotpakkeriet i Lærdal og gardsbesøk hos Anders Voll Eltun. Han har ein variert produksjon på sitt bruk med både potet, korn, grønsaker og frukt/bær. Om kvelden vert det grilling, fisking og vandring langs Ljøsnaveite. Det er ikkje alle stader på Vestlandet at utfordringa er for mykje vatn, seier ei humørfylt Kari Sigrun Lysne.
Fredag går turen til Leikanger med orienteringar på Njøs og gardsbesøk hos Endre Klevland
Kari Sigrun Lysne (og hundane) set pris på at medlemene i Norges Bondelag sitt Grøntutval tek turen til Sogn.