Kjersti Hjelmeland gav tydeleg uttrykk for at kvinnlege bønder ikkje kan få mange barn gjeve dei avløysarordningane som finst i dag.  Dette uttrykte Hjelmeland i sin replikk til innlegg på tema velferdsordningar frå Møre og Romsdal Bondelag og Norske Landbrukstenester.

 

Kari Sigrun Lysne tok replikk for å tydeleggjere den utrygge situasjonen som mange grøntprodusentar kjenner på grunn manglande arbeidskraft.  Regjeringa og Statsministeren må ta næringslivet sin trong for arbeidskraft på alvor - ikkje berre festlivet til folk flest.    Lysne var også tydeleg på kor merkeleg det er at ein statsråd i Landbruks- og Matdepartementet med helsebakgrunn ikkje legg opp til større satsing på vekst innan grøntproduksjonen i Norge. 

 

Skal mattilsynet kunne gjennomføre sitt oppdrag må dei få tilstrekkeleg med ressursar kommenterte Nils Magne Gjengedal i sin replikk med tydeleg adresse til regjeringa.

 

Fylkesleiar Anders Felde var tydeleg på at han ynskjer eit tydelegare Bondelag, ei tydlegare leiing med ein tøffare kommunikasjonsstrategi litt oftare enn til denne tid.   Vi må verte flinkare til å setje dagsorden for å oppnå meir i fellesskap.