Laurdag 24. april inviterte Gloppen Bondelag saman med NLR til kurs i grøfting. totalt var det cirka 30 personar som deltok på kurset, dette var medlemer i Gloppen, Hyen og Breim Bondelag. 

Sjølv om veret var noko vekslande vart kurset ein stor suksess. - Vi fekk mange særdeles gode tilbakemeldingar om kor bra kurset vart gjennomført, så dette var skikkelig kjekt, seier Kristen Grov.