- Eg visste ikkje at Stripetti eksisterte, før nokon kviskra meg i øyret at du snart vil forstå kva det er, held fylkesleiar Anders Felde fram.  I dag kom svaret.  Stripetti frå Lærdal Grønt er nominert til Årets Grønne i Det Norske Måltid.

Stripetti er ein type spagettigraskar som eignar seg godt til baking i omn. Varmebehandla får fruktkjøtet ein spagettiliknande struktur. Passar godt saman med løk, kvitløk, paprika og tomatar, og krydder som oregano og persille. Fyll gjerne Stripettien med kjøtt og få eit komplett måltid.    - Styremedlem Kari Sigrun Lysne har lova oss  at vi skal få smake på hærlegheita til lunsj, når vi utsendingane er samla til årsmøte i Norges Bondelag på Skei den 30. september.  Da gledar eg meg verkeleg til avsluttar Felde.  No er det berre å prøve å byte ut italiensk spagetti med graskar frå Sogn.

Stripetti, Foto: Lærdal Grønt

Stripetti inneheld mykje vitamin A, B6 og B12, kalium, beta-karoten og folat, og er ei god kjelde til vitamin C, kalsium, mangan, vitamin K, jarn, magnesium og kostfiber kan vi lese på Lærdal Grønt si heimeside.

Gratulerer med nominasjonen og lukke til i finalen i Stavanger den 5. februar 2021.