- Det er flott at nye personar tek på seg leiarvervet i lokallaga våre, seier fylkesleiar Per Hilleren.  Det er ein dugnadsjobb å vere leiar i eit lokalt bondelag, og det er flott om fleire kan ta på seg oppgåva å vere leiar.  Så langt har følgjande lokallag fått ny leiar i år:

Brekke Bondelag: Sjur Haugland

Davik og Ålfoten Bondelag: Stein Kåre Karstensen

Jølster Bondelag: Geir Ståle Støfring

Lærdal Bondelag: Steinar Starheimsæter

 

Eg vil ynskje dei nye leiarane lukke til med oppgåvene og ser fram til eit tett samarbeid med dei i arbeidet for å betre rammevilkåra for landbruket og bygdene våre, avsluttar Hilleren.

Styret i Davik og Ålfoten Bondelag: F.v. Idar Dombestei, Åse Leirgulen, leiar Stein Kåre Karstensen, Magnus Endal og Brynjar Myklebust.