Illustrasjonsfot: 4H-medlemer prøver ut tarzanløypa på garden på fylkesleiren i 2011.Med ein blomebukett og ein sjekk på 50 000 kroner blei Ståle Hetle og Karina Hetle Solheim takka for arbeidet med å gje born og unge trygge naturopplevingar. Det er Innovasjon Norge som står bak prisen som blei delt ut på fylkestinget i Balestrand tysdag.  Ekteparet driv Fosseheimen Naturpark i Viksdalen i Gaular. Her har dei utvikla eit opplevingstilbod med eit breidt spekter av natur- og dyreopplevingar til barn, unge og vaksne. Naturparken er ein godkjend 4H-gard, og ein sentral aktør i reiselivsutviklinga i Viksdalen. Dei satsar på lokalt samarbeid for å kunne tilby både aktivitets- og matopplevelsar i eit heilskapleg perspektiv.

Naturparken starta opp 15. mai 2010 og har med utgangspunkt i tradisjonelt landbruk og sauehald, utvikla eit opplevingstilbod på gardsbruket. Garden ligg i Viksdalen, og langs vegen til Nasjonal Turistveg Gaularfjell. Frå oppstarten sommaren 2010 har tal besøkande dobla seg, og vel så det. Satsinga har vorte ei viktig tilleggsnæring, som bidreg til eit godt resultat på garden.

Lokale ringverknadar er ein viktig faktor, då dei bur i eit lite samfunn der det er viktig å sjå kva moglegheiter som kan skapast saman med andre. Saman vert dei gode på tilrettelagde opplevingar og lokalmat, og slik kan dei tilby kunden eit meir heilskapleg produkt med god kvalitet. Ståle Hetle og Karina Hetle Solheim Juryen har spesielt merka seg at vertskapsparet har utvikla ei attraktiv tilleggsnæring med utgangspunkt i tradisjonell gardsdrift og lokale ressurser. Dei er samarbeidsorienterte, og har fokus på vekst og utvikling. 

I fjor fekk Viksdalen prisen for iderike bygder og dette året får ei av verksemdene i bygda bygdeutviklingsprisen.  Det står det respekt av.  Eg håpar andre bygder og næringsverksemder kan la seg inspirere av det som har skjedd på Viksdalen dei siste åra, avsluttar Hilleren.