Leiar i Norges Bondelag starta innlegget sitt med å gratulere det nye fylkeslaget og fylkesstyret. - Gratulerer med samanslåing og gratulerer til nytt styre!    Det blir eit spanande arbeidsår for dykk, for sjølv om det ikkje er lenge til eit ordinært årsmøte så skal de danne grunnlaget for det nye fylkeslaget.

Bartnes tok tilhøyrarane gjennom eit innlegg om landbrukspolitikk og viktige problemstillingar for bonden.

- Vi nærmar oss eit stortingsval og då er det viktig for oss at forsamlinga blir sett saman på ein god måte, seier Bartnes. - Ser ein på det alternative statsbudsjettet til FrP ser ein kor viktig det har vore for bonden, at det har vore sentrumsparti i regjeringa, held han fram.

Det går ikkje an å snakke om 2020 utan å nemne effekten av korona. Ein har hatt eit ynskje om å ha meir fysiske møter, men det har ikkje vore mogleg å få til.  Bartnes oppmoda lokallaga til å halde oppe aktiviteten, for i lokale områder med lite smittepress kan det framleis vere mogelg å treffast. - Fleire bønder har mista ein møtearaena i denne tida, og det må ein prøve å få på plass igjen så sant det er mogleg.

Leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes,  heldt sitt innlegg frå stova i Trøndelag. 

Våren og sommaren med korona har ført med seg tre viktige element som er verdt å merke seg. - For det første har bonden blitt definert som samfunnskritisk verksemd, og dette er noko Norges Bondelag jobba aktivt for å få på plass. Det har betydd mykje for mange å få denne støtta og anerkjenninga. Vidare har det kome eit storitngsvedtak på å auke norsk plantebasert produksjon og sjølvforsyning i inneverande år, og å stimulere tilgjengeleg arbeidskraft i den norske arbeidsmarknaden.  Dette har gitt næringa vår større betydning i fasen vi står i no enn kva som var tilfelle tidlegare, seier Bartnes. Beredskapstenking og sjølvforsyning har kome meir på bana enn før.

Norges Bondelag har jobba, og held fram med å jobbe for mange viktige saker. - Frå min stad som leiar i Norges Bondelag ser eg at det uansett kor eg snur meg so er det viktige saker å ta tak i. Norges Bondelag jobbar breitt og jobbar for å løyse utfordringar og moglegheiter etterkvart som dei kjem, seier Bartnes.

Ei viktig sak og stor sak som har blitt jobba med er nytt næringspolitisk program. Dette vart vedteke på årsmøte i Norges Bondelag. Arbeidet kring dette har vore omfattande og grundig, og engasjementet har vore stort. Målsetjinga er å auke norsk andelen både i mat og fôr.

Det forenkla jordbruksoppgjeret har fått mykje merksemd i næringa. For jordbruksforhandlingane i 2021 har ein som mål å gjennomføre eit grundig og godt jordbruksoppgjer. - Her skal det forhandlast på alle vanlege tema. Det er vanskeleg å spå situasjonen våren 2021, men dette er ambisjonen vår, seier Bartnes. Mange viktige tema skal opp mellom anna kvoteordninga for mjølk som blir sentral.

Eit anna viktig tema er IBU-midlar. Investeringslysta i landbruket er stor og midlane var oppbrukt allereie i løpet av mai, med unntak av i to fylke. - Utfordringa i å få bygt om alle dei minre båsfjøsa til lausdrift er ei krevjande øving økonomisk.   Vi treng ytterlege rammer for å få dette til, og ikkje minst vil dette bidra sterkt til sysselsetjing i andre næringar i distrikta, seier Bartnes.  

Også innan grøntnæringa jobbar Norges Bondelag hardt. Jordbruksavtalane 2019 og 2020 har hatt stor merksemd på grøntsatsing,  Samstundes vart 2020 utfordrande for grøntnæringa.  Både når det gjeld avlingsnivå på særskild plommer og eple på Vestlandet og for arbeidskraftsituasjonen i næringa i ein situasjon med korona.

For nokon har det i lys av koronapandemien vorte synleggjort kor sårbar vi er med tanke på utanlandsk arbeidskraft.  Både innan helse, industri, landbruk og ikkje minst innafor tenestesektor. Norges Bondelag har i lag med resten av grøntæringa jobba for å opne opp utanlandske arbeidar frå eøs land og tredje land.  Det vil vere viktig framover å sjå¨på kva strateigar som skal leggast for å sikre arbeidskraft kommande sesong.   Det ser meir krevjande ut i dag enn i mars april i 2020.  Det har vore mykje mediemerksemd knytt tl bruk av utlandsk arbeidskraft. ikkje berre i år men over fleire år. Det er ein kritisk situasjon og difor er det viktig at vi saman jobbar for å sikre at fleire gardsbruk kan etterleve arbeidsregelverk og forpleining.  Det vert gjennomført obligatoriske kurs på arbeidsgjevarrolla i løpet av vinteren.  Der vert mellom anna det juridiske regelverket og fundament for korleis ein arbeidsgivar skal opptre i ulike situasjonar gått gjennom. 

Gjennom landbrukspolitikk legg vi grunnlaget for å kunne skape inntekt for gardane, men politikken gjev også rammer for korleis vi handterar vanskelege situasjonar.  -Å følge opp ekstraordinære situasjonar er viktige i tida framover.  Viktig å tenkje gjennom korleis ein eksponerer seg for ulike risikoar i produksjonen.   Å setje i verk tiltak som kan redusere rirsiko vil vere viktig. 

Utviklinga i daglegvaremarknaden er uroande både i høve markndasmakt og i høve merking.  Skal vi kunne auke den norske produksjonen må vi sikre fleire norskproduserte matvarer ut i butikk.   Dette er ei viktig sak å jobbe vidare med.