Leiar Torunn Ommedal Aandstad og nestleiar Solfrid Utheim RyggTorsdag 19. november hadde Hyen Bondelag årsmøte på Kleppenes gard. - Lokallaget hadde laga ei triveleg ramme rundt ei etterlengta samling for bøndene i Hyen, seier Gry Ingvild Agjeld, som representerte fylkeslaget. Det var pynta til jul, og deltakarane fekk servert nydeleg julemat. Før maten song forsamlinga ein julesong akkompagnert av gitarspel. Smittevernreglane vart fulgt godt opp, og det vart oppmoda om å gå ut og prate, om ein ikkje klarte å halde seg til dei faste plassane. Slik vart det og ei veldig trygg ramme rundt møtet.

Leiar Torunn Ommedal Aandstad ynske velkomen, og vart vald til å leie møtet vidare. Etter dei faste årsmøtesakene og val, orienterte Torunn frå ekstraordinært årsmøte i Sogn og Fjordane Bondelag og skipingsmøtet til Vestland bondelag. Ho informerte også frå samstyret i Gloppen, der dei arbeidar med ei sak om at Gloppen kommune vil kutte i eller kutte ut tilskotet til veterinærane.

Gry Ingvild Agjeld frå fylkeslaget snakka om lokallagsarbeid, jordbruksforhandlingane, klimaarbeid i bondelaget, kanaliseringspolitikken, og litt om Vestland bondelag og arbeidet vidare. Nils Magne Gjengedal informerte om arbeidet med plastinnsamling, og forhandling med Felleskjøpet om pris på plastkomprimatorar.

Styret i Hyen bondelag har hatt god aktivitet i år og, og er flinke til å ta tak i viktige og aktuelle saker som til dømes klimarbeid i kommunen og veterinærtilskot. Dei har gjennomført to gode fagmøter for bøndene, eit for sauebøndene og eit for kyrabøndene. I Her møtte stort sett alle med sau og ku i Hyen. Den faste adventskafèen med kontroll av brannsløkkjingsapparat står snart for tur.

Det kom innspel frå salen på at bondelaget sentralt bør fokusere på at landbruket er ein del av løysinga på klimaproblemet, at det er viktig å få investeringsmidlar til alle som ønskjer å bygge om frå båsfjøs til lausdrift, og ha fokus på at 2024 er den eigentlege fristen for mange.

Kvelden vart avslutta med at Torunn Ommdal Aandstad fekk ein blome for at ho tar på seg leiarvervet vidare og for det gode arbeidet ho gjer for Hyen bondelag, noko som er vel fortent og som mange lokallagsleiarar fortener, særleg i år når mange har følt at dei har stått litt åleine. 

 Resultat frå valet i Hyen Bondelag:

Torunn Ommedal Aandstad (attval som leiar), styremedlem ikkje på val: Solfrid Utheim Rygg, Ola Solheim, styremedlem attval: Ottar Hope, Torleiv Straume. Vara: 1. Ola Henning Ommedal (attval), 2. Olav Kåre Solheim (ny) 

Valnemd: Gudmund Solheim, Anders Ommedal, Solgunn Eimhjellen (ny) 

Grendekontakter: Nils Magne Gjengedal, Gudmund Solheim, Anders Aa, Ottar Hope, Jostein Arne Røyrvik, Kåre Solhaug, Jan Harald Pedersen