Agronomutdanninga for vaksne er eit tilbod til dei over 25 år som har relevant praksis frå landbruket, som er aktive bønder i dag eller som går med eit ynskje om å bli bonde. Utdanninga tek 2 år, og baserar seg på helgesamlingar og oppgåveløysing via internett. I år igjen har linja gode søkartal, og det ser ut til at alle 16 plassane vil bli fylt.

- Vi ser at søkarane er jamnt fordelt på menn og kvinner, snittalderen er 33 år og det er ei blanding av aktive bønder og dei som ynskjer å bli bonde. Her er det både søkarar som har utdanning knytt opp mot grønn næring og dei som kjem frå ein heilt annan bransje, seier Knut Vebjørnsen som er kursansvarleg.

Krav til praksis

For å gå linja må ein ha praksis tilsvarande naturbruk vg1. Dette må ein ha dokumentasjon på gjennom landbrukskontor eller tilsvarande. Dersom ein ikkje kan dokumentere praksis, må ein gjennom ein realkompetansevurdering.

Var du for sein til søknadsfristen?

- Sjølv om søknadsfristen har gått ut så tar vi opp deltakarar fram til skulestart 28.august. Så her er det berre å sende inn ein søknad sjølv om fristen formelt er ute, seier Vebjørnsen.

For meir informasjon om vaksenagronom, les meir HER.