- Det gjer godt å samle alle på same plass, seier Anders Felde. Begge styra, valnemnd og tilsette var samla til todagars felles møte i Sogndal. På agendaen stod vegen til Vestland Bondelag, med gruppearbeid og felles diskusjon.

Anders Felde leia første dag av møtet, saman med prosjektleiar i Vestland Bondelag, Lars Peter Taule.

Etter møteslutt på måndagen, vart det guida tur opp Sogndalsdalen med Per Hilleren som kjentmann. I regn og ruskevêr fortalte han om gardsbruka, fjella, elver og grender.

Trangt om plassen på vegane i Sogndalsdalen.

Turen gjekk til Anestølen, der Nina Selseng tok i mot oss og fortalte om stølsdrifta på Anestølen. Deretter vart det delt inn i grupper og vi fekk komme inn i geitefjøsa og sjå mjølkinga. På Anestølen er det 5 fjøsar, der det er full drift på 4 av dei.

Anestølen

Nina Selseng fortel om stølsdrifta på Anestølen.

Inne i geitefjøsen til Jan Ove og Nina Selseng, ventar tålmodig på tur for mjølking.

Jan Ove Selseng.

Frå Anestølen gjekk turen vidare til Selseng Gardsysteri, der Nina Selseng viste fram produksjonslokala og fortalte om tradisjonane på garden. Jordbrukssjef i Sogndal kommune, Sigmund Havn fortalte om landbruket i Sogndal kommune.

Nina Selseng fortel om osteproduksjonen på Selseng Gardsysteri. Alle fekk servert heimelaga lappar med geitost og smaksprøve på salatosten dei lagar på garden. Rett og slett ein smaksfest!

Jordbrukssjef i Sogndal kommune, Sigmund Havn, orienterar om jordbruket i Sogndal kommune.

Selseng Gardsysteri

Nina Selseng viste rundt på Selseng Gardsysteri der ho heldt på å koke brun geitost.

Siste stopp for dagen var Uteplassen, der det vart teambuildingsaktivitetar og grillmat. Aktivitetane ein fekk prøvd seg på var bogeskyting, øksekast, blindehinderløype, puslespel og rebusløp. God stemning og flott innsats av samtlege, sjølv om piler og økser gjerne ikkje var like greie å få til å feste seg i blinkane...

Geir Totland siktar seg inn på blinken.

Anders Felde svingar øksa og håpar på treff.

Bodil Fjelltveit og Anders Felde klar for å prøve seg på blindehinderløype. Jakka må bakfram.

Då aktivitetane var omme, vart det middag og premieutdeling i gapahuken. Per Hilleren stod for grilling av nydelig kjekjøt frå Nortura.

Ellen Kristin Eiken

Sjølvforsyning vart erstatta med "peik på det du vil ha".

God stemning i gapahuken.

Tysdag morgon var det tilbake i møtesalen kl 8, der arbeidet heldt fram mot Vestland Bondelag. - Eg tykkjer det har vore eit konstruktivt møte der me har tatt eit steg i rett retning. Me håpar at korona ikkje set ein stoppar for at me kan ha eit fysisk skipingsmøte på Voss i november, men nme legg så klart ein plan B med digitalt møte dersom det skulle vere naudsynt, seier Anders Felde.

Peder Nærnes leiar møtet dag 2

Merete Støfring orienterar om kommunikasjonsplanen for Vestland Bondelag.