God sommar
- Sjølv om sommaren brukar å vere ei roleg tid i organisasjonsarbeidet, så er den ikkje det for våre medlemer. Sogn og Fjordane Bondelag er budd på at det kan oppstå saker som krev at vi er på denne sommaren også, seier fylkesleiar Anders Felde
Våren 2020 vart ikkje ein vanleg vår det heller. - Det er faktisk tider at eg godt kunne tenkt meg eit heilt vanleg kjedeleg normalår der verda tuslar og går i vant gjenge med nok vatn, nok sol og gjennomsnittsavlingar, seier fylkesleiar Anders Felde
Koronasituasjonen har gjeve utfordringar i kvardagen, men det har også fått opp auga for kor viktig det er med ein eigen norsk matproduksjon. Ei stengd grense til Sverige og eit liv meir i heimen, har gjort at norsk landbruk har måtta snu seg rundt og levere andre produkt i større mengde enn vanleg. - Når folk et frukost og lunsj heime går det meir pålegg, og jammen drikk ikkje nordmenn meir mjølk også. Som bønder er vi vande til å snu oss rundt og jobbe mykje, og vi skal også gjere så godt vi kan for å levere det marknaden etterspør. Det er vår plikt og vår glede å kunne produsere meir etter fleire år med fokus på redusert produksjon og ein marknad i overbalanse, held Felde fram.
- Eg er veldig spent på korleis frukt- og bærsesongen i fylket går i år. Kulden i mai har dessverre redusert avlingane og koronasituasjonen gjer at utfordringane og kostnadene ved plukking av bær er større enn normalt. Sjølv tenkjer eg å gjere mitt bidrag gjennom å kjøpe og ete mykje bær og sidan frukt, smiler Felde. Lokale bær med fløyte og vaniljesaus, da er rett og slett himmelsk godt :)
Beredskap på viktige tema i sommar
Dei aller fleste har fått slåtten i hus under gode driftstilhøve og no er det også kome regn som kan sikre vekst i graset att etter ein svært lang tørkeperiode. Får berre håpe at regnet har vet til å halde opp også! Fleire plassar i fylket har vi nok ein gong hatt flaumutfordringar, sjølv om vi håpar vi er ferdig med det verste. Rovdyrsituasjonen med ulv i Ytre Sogn og jerv, spesielt i Indre Sogn, gjer at vi bør halde tett kontakt med bønder som er råka. Lokallaga har eit ansvar både for å halde kontakt med bønder og kontakte fylkeslaget dersom det er noko vi kan bidra med. Det er viktig at bonden føler at ein ikkje “står aleine” med utfordringane. - Vi i Bondelaget skal vere der når bonden opplever utfordringar. Det skjer alltid noko uføresett som ein aldri kan bu seg på, seier Felde.
Det blir truleg mykje ferierande nordmenn i fylket i sommar, med auka trafikk i desse fantastiske fjella våre. Eg håpar vi kan bidra til skilting i forhold til bandtvang og beitanede dyr slik at vi reduserer konfliktpotensialet.
I 2021 er det Stortingsval, samtidig opplever næringa svak økonomisk utvikling. Det komande året blir difor svært viktig i forhold til at vi greier å betre situasjonen for matproduksjonen. Eit godt jordbruksoppgjer i 2021 vil vere avgjerande for at vi skal halde oppe matproduksjonen i våre områder. Vi må difor bruke meir tid på å invitere politikarar på alle nivå heim på gardane våre eller arrangere møte slik at vi får politikarane enno meir med på laget. Etter kvart som nominasjonsprosessane kjem i gong i forhold til Stortingsvalet, er det viktig at vi prioritera dei øvste kandidatane i alle politiske parti slik at vi står godt rusta uansett korleis valet går.
Flott om mange bidreg med beitane dyr i sosiale media gjennom sommaren, og elles synleggjer arbeidet på gardane på ein god måte.
- De som produserer mat og tilbyr reiselivsopplevingar på gardane dykkar har så uendeleg mykje å syne fram. Ver stolt av det som dykk gjer. De gjer ein kjempejobb og de har nøkkelposisjonar i høve beredskapen i di grend. Som fylkesleiar håpar eg de alle får tid til litt ferie i løpet av sommaren, der de kan senke skuldrane og kjenne på den kjensla det er å gjere lite eller ingenting. Ja, det er vanskeleg for ein bonde, men viktig å ta seg den pausen i ei travel tid for deg som skapar verdiar gjennom verda sin vakraste matproduksjon, avsluttar fylkesleiar Anders Felde.. GOD SOMMAR frå fylkesleiaren, fylkesstyret og tilsette i Sogn og Fjordane Bondelag.
Ferievakt i sommar
Send helst sms eller send e-post, så ringer vi opp att. Dette fordi det er i ferieperioden, og det kan vere vanskeleg å nå fram på telefon.
Hanne Libeth Nybø: 6. juli til 17.juli, 90644395, hanne.lisbeth.nybo@bondelaget.no
Merete Støfring, 17. juli -10. august, 95947437, merete.stofring@bondelaget.no
Birgitte Sunde Bjaanes, 10. august - 17. august, 41565758 birgitte.bjaanes@bondelaget.no
Tilsette tek dialogen med dei tillitsvalde ut frå kva problemstillingar som dukkar opp. Fylkesleiar Anders Felde har ferie frå 20. juli til 3. august.