Nortura, Fylkesmannen i Vestland og Sogn og Fjordane Sau og Geit arrangerte fagsamling sau på Thon Hotell Jølster 10. og 11.januar. Omlag 100 personar møtte opp til lærerike dagar med sauen i fokus. Ein av føredragshaldarane på fredagen var Hans Thorn Wittussen, visekonsernsjef i Nortura. Tema for føredraget hans var utfordringar og marknad for sau og lam, samt vegen vidare.

Wittussen gir skryt til sauebøndene i Sogn og Fjordane for sesongen 2019 som har levert ein høgare andel gourmetlam enn landsgjennomsnittet i 2019. Sesongen i fjor var ein jamn sesong med god utnytting av slaktekapasiteten. Som venta vart det slakta noko færre lam då det var nedgang i søyetal, men dette gjaldt spesielt Østlandet, Sogn og Fjordane leverte ca 98% samanlikna med 2018 tala.

Visedirektør i Nortura, Hans Thorn Wittussen.

Ei gledeleg nyheit er at reguleringslageret for sauekjøtt no er tomt. Grunnen til dette er at det som allereie låg der har blitt kjøpt ut, samt at Nortura har eksportert ca 600 tonn sauekjøt til Oman. Det er òg ein auke i etterspurnad i den norske marknaden, noko som gjerne heng saman med episoden om sau i Matsjokket hjå NRK. - No er det lov å snakke om fårekjøt igjen, det er ikkje lenger berre lam som er etterspurt, seier Wittussen. Nortura var med på å utvikle saueburgeren som vart servert i episoden. Denne burgeren, saman med andre nye produkt basert på sau/lamb er no å finne i enkelte kjedar samt i restaurantmarknaden.

Samtidig som reguleringslageret for sauekjøt har gått ned, har det vore ein stor auke på reguleringslageret for lammekjøt. Lageret har gått frå ca 1400 tonn til ca 2900 tonn, og det kjem til å bli krevjande å tømme lageret før ny sesong. Kjøt som har havna på reguleringslager kan ikkje eksporterast og må difor omsetjast i den norske marknaden. - Vi har fleire produkt som vi jobbar med å få ut i marknaden samt at vi jobbar mot kjedane for å utvide sesongen for fårikålkjøt og pinnekjøt, seier Wittussen.

Ser resultatet av tøffe tak

Nortura har gått gjennom tøffe tak dei siste åra, men ser no at tiltaka dei har iverksett lønnar seg. Omfattande strukturendringar har vore gjennomført dei siste 10 åra der målet har vore å effektivisere for å kunne vere med i den stadig tøffare konkurransen. - Vi har konkurrentar som har samla seg på nokre få anlegg og som dermed kan drive meir effektivt enn oss. Vi har mottaksplikt og må difor ha anlegg som dekkar heile landet. Dette gir oss eit meir krevjande utgangspunkt samanlikna med konkurrentane våra, forklarar Wittussen. - Politikarane har lagt rammevilkåra og då må vi gjere det vi kan innanfor dette for å levere best mogleg for den norske bonden.